Opna hovudmenyen

Donald Hugh «Don» Henley (fødd 22. juli 1947) er ein amerikansk songar-låtskrivar, produsent og trommeslagar, mest kjend som medlem i Eagles og ein suksessrik solokarriere. Henley var trommeslagar og ein av solovokalisten i Eagles frå 1971 til 1980, då bandet vart oppløyst, og frå 1994 og fram til i dag. Henley song solovokal på hittar av Eagles, som «Witchy Woman», «Desperado», «Best of My Love», «One of These Nights», «Hotel California», «Life in the Fast Lane» og «The Long Run».

Don Henley
Don Henley (cropped).jpg
Backstage during Farewell 1 tour
Fødd22. juli 1947 (72 år)
FødestadGilmer i Texas i USA
FødenamnDonald Hugh Henley
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
Sjanger
Instrument
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
PrisarMusiCares Person of the Year, National Humanities Medal, Kennedy Center Honors

Etter Eagles vart oppløyst i 1980, la Henley ut på ein solokarriere og gav ut debutalbumet I Can't Stand Still, i 1982. Han gav ut fire studioalbum, to samlealbum og ein konsert-DVD. Av solohittane hans finn ein «Dirty Laundry», «The Boys of Summer», «All She Wants to Do Is Dance», «The Heart of the Matter», «The Last Worthless Evening», «Sunset Grill», «Not Enough Love in the World», «New York Minute» og «The End of the Innocence».

Eagles har seld over 150 million album verda over, vunne seks Grammy-prisar og hatt fem singlar på toppen av singellista i USA, 17 singlar inne på topp 40 og seks album på toppen av albumlista. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 og er det mestseljsande amerikanske bandet gjennom historia. Som soloartist har Henley seld over 10 millionar album verda over og hatt åtte singlar på topp 40 i USA. Han har vunne to Grammy-prisar og fem MTV Video Music Awards. I lag med Eagles og som soloartist, har Henley gjeve ut 25 singlar som har nådd topp 40 på Billboard Hot 100. I 2008 vart han rangert som den 87. beste songaren gjennom tidene av Rolling Stone.[1]

Henley har òg spelt ei rolle i fleire miljøsaker og innan politikken, mellom anna Walden Woods Project.[2] Sidan 1994 har han delt tida si mellom Eagles og soloprosjekta sine.

Personleg livEndra

Seint i 1970-åra var Henley ei kort stund saman med Fleetwood Mac-songaren Stevie Nicks, då forholdet hennar med Mick Fleetwood var over.[3] Han byrja så eit tre år langt forhold med skodespelaren, modellen og Bond-jenta Lois Chiles.[4]

Henley ringde til sjukebil den 21. november 1980, då ei 16 år gammal jente vart funnen i heimen hans, naken og med overdose på quaaludes og kokain. Ho vart arrestert for prostitusjon, medan ei 15 år gammal jente i huset vart arrestert for å vere påverka av narkotika.[5][6][7] Henley vart arrestert og fekk ei bot på 2500 dollar og ei prøvetid på to år.[8] Chiles, som ikkje lenger var i forhold med Henley sa på den tida, «eg vart sjokkert då eg høyrte om dette. Han hadde aldri narkotika heime. Det var ei ulukke, det er eg sikker på.»[4]

Tidleg i 1980-åra var Henley forlova med Battlestar Galactica-skodespelaren Maren Jensen. Det første soloalbumet hans (I Can't Stand Still) er tileigna Jensen, som òg syng harmonivokal på songen «Johnny Can't Read.» Henley og Jensen vart separerte i 1986.[9]

I 1995 gifta Henley seg med Sharon Summerall, ein tidlegare modell frå Texas. I bryllaupet var mellom andre Bruce Springsteen, Sting, Billy Joel, John Fogerty, Jackson Browne, Donna Lewis, Sheryl Crow, Glenn Frey og Tony Bennett. Henley skreiv seinare songen «Everything Is Different Now» frå albumet Inside Job for kona. Sharon har diagnosen multippel sklerose.[10] Dei har tre barn i lag, to jenter og ein gut.

I 2012 vart Henley oppført som den fjerde rikaste trommeslagaren i verda, bak Ringo Starr, Phil Collins og Dave Grohl, med ein formue på 200 millionar dollar.[11]

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. «100 Greatest Singers». Rolling Stone. Henta 2. januar 2015. 
  2. «Walden Woods». Walden.org. Henta 28. juni 2010. 
  3. Brown, Mick (8. september 2007). «Stevie Nicks: a survivor's story». The Telegraph. Henta 17. august 2015. 
  4. 4,0 4,1 Peters, Susan (13. april 1983). «Lois Chiles Sets the Fur Flying on Dallas as J.r.'s Sexy Temptress, Holly Harwood». People. Henta 17. august 2015. 
  5. Loder, Kurt (10. desember 1980). «More charges may be pending in Henley Arrest». Anchorage Daily News. s. 86. Henta 18. oktober 2012. 
  6. «Eagle Arrested». Ottawa Citizen. 25. november 1980. s. 40. Henta 18. oktober 2012. 
  7. McCormick, Neil (1. november 2007). «The Eagles: we're lucky to be alive». The Telegraph. Henta 18. oktober 2002. 
  8. «Eagles' star fined $2,500 on drug charge». Miami Herald. Associated Press. 26. februar 1981. s. 15. Henta 18. oktober 2012. 
  9. Eliot, Marc (December 2004). To the Limit: The Untold Story of the Eagles. ISBN 9780306813986. Henta 20. august 2011. 
  10. Jones, Paul. «Famous people with MS». Mult-sclerosis.org. Henta 20. august 2011. 
  11. Breihan, Tom (28 August 2012). «The 30 Richest Drummers in the World». Stereogum. Henta 17. august 2015. 

BakgrunnsstoffEndra