Isle of Sheppey
51°23′28″N 0°49′52″E / 51.391°N 0.831°E
Isle of Sheppey er ei øy utanfor nordkysten av Kent i England i Themsenestuaret, om lag 61 km aust for sentrum av London. Ho har eit areal på 93 km² og er ein del av distriktet Swale. Sheppey kjem av det gamle saksiske Sceapige, som tyder «Saueøya», og sjølv i dag beiter store saueflokkar her.
Landmassen som vert kalla Sheppey består av tre hovudøyar: Sheppey, Isle of Harty og Isle of Elmley (dei vart ein gong kalla Isles of Sheppey (Sheppeyøyane) før kanalane som skilde dei mudra til. Det myrlendte landskapet sør på øya gjer at fleire kanalar og avløp dannar mange små øyar. Øya er låg, men ved Minster er høgda 73 meter.
Mellom Sheppey og fastlandet ligg kanalen The Swale. Som med Wantsum Channel mellom Isle of Thanet og fastlandet i aust og Yantlet Creek ved Isle of Grain, vart dei i eldre tider ein del av skipsrutene inn til hamnene i Chatham og London.
Under regjeringstida til Edvard I vart det bygd ei bru mellom Sheppey og fastlandet ved Elmley. Ho heitte Tremsethg Bridge, men gjekk tapt i ei tidvassbølgje og aldri erstatta. I nyare tid vart Kingsferry Bridge bygd. Det har vore i alt fire bruer over The Swale frå øya.
Dagens Sheppey
endreDen største byen på øya er Sheerness. Andre landsbyer er Minster som har ei grusstrand, og Leysdown-on-Sea som har sandstrand. Heile nordkysten er spekka med husvogner, campingvogner og feriehus. Det er òg ei strand for naturistar bortanfor Leysdown, mot Shellness. Det er eit fuglereservat ved Elmley Marshes.
Det er tre fengsel på øya, alle ligg sør for landsbyen Eastchurch: HMP Elmley, HMP Standford Hill, og HMP Swaleside. Totalt er det rundt 2200 innsette her.
I 2001 hadde øya 37 852 innbyggjarar og mange pendlar til fastlandet med jernbanen Sheerness-Sittingbourne og den nye brua Sheppey Crossing.
Bakgrunnsstoff
endre- Sheppey Website Arkivert 2020-03-20 ved Wayback Machine.
- Sheppey Access Arkivert 2011-07-27 ved Wayback Machine.
- Sheppey Online Arkivert 2010-06-05 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Isle of Sheppey» frå Wikipedia på engelsk, og «Sheppey» frå Wikipedia på bokmål den 24. januar 2010.