Sherry er det engelske namnet ein spansk sterkvin som blir produsert i det såkalla sherry-triangelet, Sanlúcar de Barrameda, El Puerto de Santa Maria og Jerez de la Frontera. På spansk har vinen namnet jerez, og på fransk xérès.

Amontillado-sherry med oliven.

Sherry blir særleg laga av druetypen palomino. Under produksjonen blir vinen tilsett druebrennevin (brandy) og lagra. Vingjærsoppen Saccharomyces cerevisiae var. ellipsoideus lagar eit belegg som hindrar oksidasjon og dannar aromastoff som aldehyd.

Det blir laga sherry-liknande viner i andre delar av verda, og av forskjellige typar druer, men sherry er eit beskytta varemerke på linje med champagne og konjakk.

Namnet «sherry» er ei anglifisering av bynamnet Jerez. Drikken blei ei populær eksportvare til Storbritannia ettersom det høgare alkoholinnhaldet enn vanleg vin gjorde at han klarte sjøreisa betre. Handelen var godt etablert allereie på 1700-tallet. Mange bodegaer i Jerez de la Frontera blei grunnlagde eller vidareutvikla av britiske familiar.

Typar endre

  • Fino er den tørraste og bleikaste av dei tradisjonelle shery-typane.
  • Manzanilla er ein variant av fino sherry, laga i områda rundt San Lucar de Barrameda.
  • Amontillado er sherry som først er blitt lagra under flor, eit kvitt belegg danna på toppen av væska under gjæring. Resultatet er mørkare enn fino, men ikkje så mørk som oloroso.
  • Oloroso er ein sherry-variant som har vore lagra og oksidert lengre enn fino og amontillado, noko som gjev ein mørkare og fyldigare vin.
  • Palo Cortado er ein sjeldan type sherry som har fått forhøga alkoholinnhald, og er blitt lagra utan flor. Han utviklar likevel eigenskapar som liknar på amtillado, med noko av fylden til oloroso.
  • Sweet Sherry (Jerez Dulce på spansk) blir laga ved å tilsetha pedro ximénes eller muskatellvin til eun av dei tidlegare nemnde typane.
  • Cream sherry er ein vanleg type søt sherry.

Kjelder endre

  • Teien, Thor Richard. «Sherry» (16. mars 2012), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sherry