Shikoku
Shikoku er den minste av dei fire hovudøyane i Japan, både når det gjeld areal og folketal. Ho ligg sør for Honshu og aust for Kyushu, med Setosjøen imellom. I sør har ho kyst mot Stillehavet. Ho er også ein tradisjonell japansk region, og omfattar prefektura Ehime, Kagawa, Kochi og Tokushima. Den største byen på øya er Matsuyama, so har rundt ein halv million innbyggjarar. På heile øya bur det rundt 4,1 millionar menneske (2005).
Shikoku 四国 | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Japan-arkipelet, de fire hovedøyene | ||
Stad | Aust-Asia | ||
Høgd | 1 982 m | ||
Areal | 18 800 km² | ||
Folketal | 4 040 000 | ||
![]() Shikoku | |||
Wikimedia Commons: Shikoku | |||
«Shikoku» tyder 'fire provinsar', og viser til dei fire tidlegare provinsane ho var delt inn i, Awa, Tosa, Sanuki og Iyo. Tidlegare namn på øya er Iyo-no-futana-shima (伊予之二名島), Iyo-shima (伊予島) og Futana-shima (二名島).

Shikoku er berglendt og har mykje skog. Det blir drive terassejordbruk i fjellskråningane, og ein dyrkar mellom anna ris, kveite, tobakk, soyabønner og mandarinar her. Det blir også drive fiske og saltutvinning.
Øya har fleire brusamband med Honshu, mellom anna verdas største hengebru, Akashi Kaikyo-brua, Minami Bisan–Seto-brua og Tatara-brua.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Shikoku» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2011.
- «Shikoku» i Store norske leksikon, snl.no.