Shimizustraumen er ein isstraum i Horlick Mountains, som drenerer vest-nordvest frå området mellom Wisconsin Range og Long Hills til sørsida av Horlickstraumen. Han vart kartlagt av United States Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959-64. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Hiromu Shimizu, som var glasiolog ved Byrd-stasjonen vinteren 1961. Seinare var han professor ved Instituttet for lågtemperaturfysikk på Hokkaido i Japan.

Shimizustraumen
isstraum
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 85°11′S 124°0′W / 85.183°S 124.000°W / -85.183; -124.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Shimizustraumen
85°11′00″S 124°00′00″W / 85.1833°S 124°W / -85.1833; -124
Shimizustraumen is located in Antarktis
Shimizustraumen (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Shimizu Icestream» (innhald frå Geographic Names Information System).