Shirley Bottolfsen

Shirley Isabelle Theresa Bernadette Bottolfsen (12. februar 193424. desember 2021) er ein norsk-irsk eldsjel og velgjerar, fødd i Irland og busett i Bodø. Ho har i fleire tiår samla inn pengar og andre nødvendigheiter, i fyrste rekkje til trengande i byen. Bottolfsen er svært kjend i lokalmiljøet, og veldig synleg i bybiletet i Bodø, mykje på grunn av den fargerike joggedressen sin, som er dekka av sponsormerke frå bedriftene i byen. I tida før jul har Bottolfsen tradisjonelt forvalta innsamling av gåver og mat til einsame og trengande i byen, i von om at desse òg kan gleda seg i høgtida.

Shirley Bottolfsen
Statsborgarskap Irland, Noreg
Fødd 12. februar 1934
County Tipperary
Død

24. desember 2021 (87 år)
Bodø

Yrke velgjerar

Familieliv endre

Bottolfsen vart fødd i County Tipperary i Irland, og kjem frå ein katolsk familie. Ho er ein av fem sysken og vaks opp i Irland og England. Bottolfsen flytta til Noreg i 1956, som 21-åring, etter at ho gifta seg med styrmannen Ivar John Larsen, som opphavleg var frå Godøy utanfor Bodø. Larsen omkom i samband med ei fallulykke på eit bulkskip i Rotterdam i desember 1969, og Shirley vart åleine med to barn. I 1983 gifta ho seg på nytt, denne gongen med tannlækjaren Per Bottolfsen.[1] Bottolfsen har budd i det same huset i Bodø sidan 1977. Per Bottolfsen døydde i 2012, og året etter valde ei gruppe friviljuge i byen å pusse opp huset hennar, som takk for den langvarige innsatsen hennar for dei trengande i byen.[2]

Hjelpearbeid endre

Bottolfsen jobbar for Frelsesarmeen og Bodø kommune, i tillegg til at ho altså forvaltar eigne innsamlingsaksjonar.[3] Ho samlar inn pengar, primært ved å ta oppstilling med sin bøsse i Glasshuset i Bodø. Ho held òg eit eige sommarlotteri.[4] I 2005 hadde ho samla inn til saman 7 millionar kroner.[5] Ho har òg vore ein viktig velgjørar for utanbys mottakarar, bl. a. ein barneheim i Litauen.[6] Bottolfsen har òg samla inn fleire hundre tusen kroner til trengande og eldre i Porsanger; noko ho vart heidra av kommunen for i 2009. Pengane gjekk bl. a. til innkjøp av eit nytt kaffiservise for 70 personar og dukar til Porsanger Helsetun.[7] Ho samlar inn og leverer mat til dei trengande i Bodø seks dagar i veka, og gjev julegåver til dei fattige i byen kvar jul.[8] I 2004 skaffa Bottolfsen trygdalarmar til dei eldre i Bodø, og protesterte mot eigenandelen til kommunen på innkjøp av slik alarm. I 2012 samla Bottolfsen inn pengar til ei gruppe sigøynarar for at dei skulle kunna reisa heim til Romania, men følte at dei misbrukte tillita hennar då dei reiste til Oslo i staden.[9]

Utmerkingar endre

Bottolfsen mottok Kongens fortenstemedalje i sølv i 2005 for det frivillige humanitære arbeidet sitt. Det same året laga TV 2 ein dokumentar om ho, kalla Julenissen kommer fra Irland.[10][11][12] I 2014 mottok Bottolfsen ein internasjonal pris frå organisasjonen Lions Club; lokallagsleiaren i Bodø hadde då jobba for at Bottolfsen skulle få denne prisen i over 20 år.[13][14] Ho mottok John I. Alvheims ærespris i 2014.[15] Bottolfsen vart kåra til «Årets ålreite dame» i desember 2015, og mottok dimed Harry Hole-prisen på 1 million kroner som går til eit velgjerande formål.[16]

Referansar endre

  1. Roy-Arne Salater (18. november 2009). «Engelen fra Bodø». TV 2. Arkivert frå originalen 17. november 2014. 
  2. Thor Harald Henriksen (28. august 2013). «I alle år har Shirley hjulpet andre - nå får hun hjelp». Verdens Gang. 
  3. Lise Forfang Hagen (30. mars 2014). «Shirley Bottolfsen fikk internasjonal veldedighetspris». NRK. 
  4. Roy-Arne Salater (18. november 2009). «Engelen fra Bodø». TV 2. Arkivert frå originalen 17. november 2014. 
  5. «Alene for de ensomme». Avisa Nordland. 22. november 2005. 
  6. Roy-Arne Salater (18. november 2009). «Engelen fra Bodø». TV 2. Arkivert frå originalen 17. november 2014. 
  7. «Shirley Bottolfsen donerte kr 10 000 til Porsanger kommune». Porsanger kommune. 30. mars 2009. 
  8. «Alene for de ensomme». Avisa Nordland. 22. november 2005. 
  9. Susanne Lysvold (23. september 2012). «'Spinnvilt og ufint av Bottolfsen'». NRK. 
  10. «Alene for de ensomme». Avisa Nordland. 22. november 2005. 
  11. «Julenissen fra Irland». Avisa Nordland. 27. desember 2005. 
  12. «Slik hyller de Shirley». Bodø Nu. 12. februar 2014. 
  13. Lise Forfang Hagen (30. mars 2014). «Shirley Bottolfsen fikk internasjonal veldedighetspris». NRK. 
  14. «Shirley Bottolfsen fikk internasjonal veldedighetspris - Lions Club Bodø Bodin». Lions Norge. 1. april 2014. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 26. november 2021. 
  15. Erik Tørrissen (4. mai 2014). «Shirley Bottolfsen fikk Alvheims ærespris». Fremskrittspartiet. Arkivert frå originalen 29. november 2014. 
  16. NRK Nordland 2. desember 2015, Shirley (81) er årets ålreite dame. Besøkt 9. desember 2015.