Patuxent Range

(Omdirigert frå Shurley Ridge)

Patuxent Range er ei stor fjellkjede i Pensacolafjella og består av Thomas Hills, Anderson Hills, Mackin Table og ymse nunatakar og ryggar knytte saman av Foundation-straumen, Academybreen og Patuxentstraumen. Ho vart oppdaga og delvis fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende.[1]

Patuxent Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Coats Land
 - koordinatar 84°43′S 64°30′W / 84.717°S 64.500°W / -84.717; -64.500
Administrert under Antarktistraktaten
Patuxent Range is located in Antarktis
Patuxent Range (Antarktis)

Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Naval Air Station Patuxent River (ved Cedar Point i Maryland) som ligg på sørsida av munningen av Patuxent River. Fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66.[1]

Thomas Hills

endre

Thomas Hills ei fjellrekkje, som strekkjer seg over 27 km mellom Foundationstraumen og MacNamarabreen ved nordenden av Patuxent Range. Dei vart namngjevne av US-ACAN etter forslag frå kaptein Finn Rønne, som var leiar ved Ellsworth-basen, 1957. Charles S. Thomas var marineminister, 1954–57, i løpet av dei første åra av Operasjon Deep Freeze.[2]

Fjell

endre
  • Mount Tolchin på 1730 moh. står 8 km sørvest for Houk Spur heilt sørvest på Mackin Table i sørenden av fjellkjeda. Det vart namngjeve av US-ACAN etter løytnant Sidney Tolchin som var øvstkommanderande på Amundsen-Scott-stasjonen vinteren 1959.[5]
  • Mount Yarbrough er eit ryggforma fjell på 865 moh. som ligg 3,2 km sørvest for Nance Ridge i Thomas Hills på nordsida av fjellkjeda. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Leonard S. Yarbrough, ein industriingeniør ved Plateau Station, 1965-66.[7]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Patuxent Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar. 
  2. «Thomas Hills». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar. 
  3. «O'Connell Nunatak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013. 
  4. «Shurley Ridge». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013. 
  5. «Mount Tolchin». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013. 
  6. «Mount Warnke». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013. 
  7. «Mount Yarbrough». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.