Palmer-stasjonen
Palmer-stasjonen på Île Anvers er den einaste forskingsstasjonen til USA i Antarktis som ligg nord for Den antarktiske polarsirkelen. Han vart først bygd ferdig i 1968. Stasjonen vert driven av United States Antarctic Program (USAP).
Palmer-stasjonen | |||
stasjon | |||
Palmer-stasjonen i 2013
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 64°46′27″S 64°03′11″W / 64.774167°S 64.053056°W | ||
Grunnlagd | 1968 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Palmer-stasjonen 64°46′27″S 64°03′11″W / 64.774166666667°S 64.053055555556°W | |||
Wikimedia Commons: Palmer Station |
Skildring
endreStasjon er kalla opp etter Nathaniel B. Palmer, som vert rekna som den første amerikanarane til å sjå Antarktis. Palmer-stasjonen kan huse opp til 46 personar. Om sommaren er det normalt kring 40 personar på stasjonen. Palmer-stasjonen er i drift året rundt, men berre 15-20 personar er her om vinteren for vedlikehald.
Den noverande stasjonen er den andre Palmer-stasjonen. «Gamle Palmer» låg kring 1,5 km mot nordvest, nær basen til British Antarctic Survey «Base N»,[1] bygd i midten av 50-åra. Denne staden ligg på det som i dag vert kalla Amsler Island. Gamle Palmer vart bygd kring 1965, og tente som base for dei som bygde «nye» Palmer, som opna i 1968. Gamle Palmer vart nytta som naudstasjon om noko skulle skje med den nye stasjonen. Gamle Palmer vart riven ned og rydda opp av National Science Foundation i 1990-åra.
Forsking
endreMesteparten av forskinga ved Palmer-stasjonen dreiar seg om marinbiologi. Stasjonen husar eit årleg overvakingsustyr for eit globaltseismisk, atmosfærisk og UV-overvakingsnettverk, i tillegg til heliofysikk.[2] Det står òg ein radiomottakar på Palmer som fangar opp lynnedslag på den vestlege halvkula.
Anna forsking vert gjort frå forskingsfartøyet (R/V) «Laurence M. Gould». Denne forskinga dekkjer fysisk oseanografi, maringeologi og marinbiologi. Skipet fraktar òg feltgrupper til forskjellige stader kring Den antarktiske halvøya for å studere glasiologi, geologi og paleontologi.
På film
endreDen japanske filmen Fukkatsu no hi (Virus) frå 1981 går føre seg kring Palmer-stasjonen der dei siste overlevande etter eit dødleg virus samlar seg. I filmen spelar George Kennedy admiral Conway, øvstkommanderande på stasjonen, medan Glenn Ford er presidenten av USA.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Palmer-stasjonen» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ BAS Anvers Island Station N[daud lenkje]
- ↑ «Whistler-mode Wave Studies at Palmer Station, Antarctica». Stanford VLF Group. Henta 8. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Uoffisielt nettsted
- Palmer Station National Science Foundation
- Long term ecological research on Palmer Station Arkivert 2012-04-14 ved Wayback Machine. National Science Foundation
- NSF Ultraviolet (UV) Monitoring Network with picture Arkivert 2009-09-10 ved Wayback Machine. National Science Foundation
- Stanford Very Low Frequency Research at Palmer Station