Seinäjoki er ein by i landskapet Södra Österbotten i Västra Finlands län. Seinäjoki er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunane Alavus, Ilmajoki, Storkyro, Jalasjärvi, Kauhava, Kihniö, Kuortane, Lapua og Virdois. Det historiske svenske namnet på byen, Östermyra, er ikkje lenger i bruk.

Seinäjoki
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Södra Österbotten
Grunnlagd 1868
Språk finsk
Kart
Seinäjoki
62°47′25″N 22°50′25″E / 62.790277777778°N 22.840277777778°E / 62.790277777778; 22.840277777778
Wikimedia Commons: Seinäjoki

Historie

endre

Byen har vakse fram rundt Östermyra bruk, som vart grunnlagt i 1798. Seinäjoki vart skild ut frå Ilmola kommune i år 1868, fekk kjøpstadsrett i 1931 og fekk byrettar i 1960.

Seinäjoki er eit viktig knutepunkt på jarnvegen mellom Helsingfors og Uleåborg.

1. januar 2005 vart Seinäjoki slegen saman med nabokommunen Peräseinäjoki. Dimed nådde innbyggjartalet 35 000.

Kjelder

endre