Siberian Khatru
Song av Yes
frå albumet Close to the Edge
Utgjeve 1972
Sjanger Progressiv rock, funkrock
Lengd 8:55
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Jon Anderson, Steve Howe, Rick Wakeman
Produsent Yes og Eddie Offord

«Siberian Khatru» er ein song på albumet Close to the Edge frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1972. Songen er skriven av Jon Anderson, Steve Howe og Rick Wakeman. Dette er den einaste songen frå albumet som ikkje er delt opp i fleire satsar, sjølv om han har fleire ulike melodiar og seksjonar. Songen varar i 8 minutt og 55 sekund og er dermed den kortaste på albumet.

Struktur endre

Songen opnar med eit gitar-riff spelt av Steve Howe, og det umiddelbare inntrykket er at dette er ein standard rock 'n roll-låt. Riffet blir repetert, og så kjem resten av instrumenta inn og avslørar eit «typisk» Yes-arrangement med songen hovudtemaet i songen. Melodilinja i versa er dominert av Rick Wakemans hammondorgel, medan «refrenget» er rytmebasert med trommer og bass. Gitaren ber instrumentalpassasjane med utprega rock 'n roll-stil.

Inspirasjon endre

Songen skal vere inspirert av Igor Stravinskij-komposisjon Vårofferet. Ordet «Khatru» vart funne opp av Anderson, og tyder faktisk inkje.

Konsertversjonar endre

Trommeslagaren på originalinnspelinga, Bill Bruford, har aldri spelt denne songen under konsert. Han forlét bandet straks innspelinga av albumet Close to the Edge var over, og vart erstatta av Alan White. Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Siberian Khatru»:

Yes spelte «Siberian Khatru» på alle turneene på 1970-talet, med unntak frå Going for the One-turneen i 1977. Han vart aldri spelt under nokre av konsertane på 1980-talet, heller ikkje under første halvdel av 1990-talet. Først under konsertene i San Luis Obispo i 1996 kom han tilbake på programmet, og var med på samtlege konsertar til og med Open Your Eyes-turneen. I 2002 var sangen tilbake på spelelista, og har blitt spelt på samtlege konserter sidan.[1]

Versjon på 2003-utgåva av albumet endre

Ny-utgjevinga av albumet Close to the Edge frå 2003 inneheld eit «bonus-spor» med ein tidleg versjon av songen under arbeidstittelen «Siberia». Dette er ei innspeling gjort under øving i studio, og varer i 9 minutt og 19 sekund.

Medverkande endre

På originalinnspelingar frå 1972 medverkar:

Kjelder endre