Sifjorden

Koordinatar: 69°15′22.136″N 17°0′19.667″E Sifjorden er ein fjordarm av AndfjordenSenja i Senja kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 10 km austover til Sifjordbotn.

Sifjorden sett frå Sifjord. Fjellet midt i bilete er Lendepolltindan og Flestindan. Fjellet lengst til høgre er Veidmannsfjellet.
Foto: Simo Räsänen

Fjorden har innløp mellom Varden i nord og Blåstranda i sør og er om lag 4,5 km brei ved innløpet. Like ved Varden går fjordarmen Veidmannsfjorden austover til Veidmannsbotn. På sørsida av fjorden ligg Kvænbukta heilt aust i fjorden og litt lenger nord ligg vågen Gjeska. Sifjorden held fram nordaustover. Bygda Sifjord ligg på nordsida av fjorden nesten heilt inne i fjorden.

Fv232 går langs nordsida av fjorden, medan Fv243 går langs austsida.