Sigdhøgtida
Sigd er ei etiopisk-jødisk høgtid som blir feira den 29. hesjván. Dagen fell femti dagar etter jom kippur, likande skikken med å feira sjavuot femti dagar etter pesah. Høgtida blir feira gjennom faste og valfart, i dag hovudsakleg til Jerusalem. Sigdhøgtida har vore ein israelsk høgtidsdag sidan 2008.[1]
Den jødiske høgtida feirar godtakinga av Toráen, og blir tidvis sett på som eit minne om openberringa av dei ti bodorda på Sinaifjellet. Tradisjonen til dei etiopiske rabbinararne (kessim) at ein tok til å feira høgtida under kristne forfølgingar av jødane på 1400-talet. Dei skal ha blitt inspirerte av Esra-Nehemja-forteljinga om korleis moselovane blei førte tilbake til jødane som hadde tapt dei i det babylonske eksilet. Til minne om dette har etiopiske jødar valfarta til Midraro, Hoharoa eller Wusta Tsegai i Etiopia.[2]
Ordet «sigd» er amharisk og er eit etiopisk ord for synagoge. Det er i slekt med arabisk masdjid, 'moské'.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sigd» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2009.
- Fotnotar
- ↑ Engelsk Wikipedia oppgav Yedioth Ahronoth Ethiopian Sigd Made Official State Holiday. July 2, 2008
- ↑ Engelsk Wikipedia oppgav Ashkenazi, Michael, and Alex Weingrod. Ethiopian Jews and Israel. Transaction Publishers, 1987.