Sigmund Selberg

norsk matematikar

Sigmund Selberg (fødd 11. august 1910 i Langesund i Bamble, død 20. april 1994 i Trondheim) var ein norsk matematikar. Han arbeidde særleg innan analytisk primtalsteori.

Sigmund Selberg
Fødd11. august 1910
Langesund
Død20. april 1994
Trondheim
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar
InstitusjonarNoregs tekniske høgskole
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Norske Videnskaps-Akademi
Koninklijke Hollandsche Maatschappij der Wetenschappen

Han var tvillingbror til Arne Selberg, og bror av Atle og Henrik Selberg.

Han tok doktorgraden i 1942 og vart professor i matematikk i 1947 ved NTH, der han var fram til han nådde aldersgrensa i 1977.

Selberg vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1943, der han var eit særs aktivt medlem. Han var formann i Matematisk-naturvitskapeleg klasse i fleire periodar og preses for selskapet i 1974–1981. I tillegg var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1953 og av Koninklijke Hollandsche Maatschappij der Wetenschappen.

Kjelder endre