Signaletterretning

Signaletterretning (SIGINT) er ein etterretningsdisiplin som baserer seg på oppfanging av signal, til dømes ved radiospaning. SIGINT inneber ofte kryptoanalyse og dechiffrering.

Signaletterretningsanlegg i Storbritannia

Mellom organisasjonar som hovudsakleg driv signaletterretning er Etterretningstenesta (Noreg), Government Communications Headquarters (Storbritannia), National Security Agency (USA), Defence Signals Directorate (Australia), Communications Security Establishment (Canada) og Försvarets radioanstalt (Sverige).

Signaletterretning (SIGINT) er delt i fleire nye element - sambandsetterretning (COMINT), elektronisk etterretning (ELINT) og FISINT.

Disiplinen består i å fanga opp elektromagnetiske impulsar frå fienden av militær interesse. Eiga innsamling av slike impulsar kan vera i verksemd over lang tid på ein passiv måte, slik at fienden ikkje oppdagar det.[1] Det er viktig å etablera eit normalbilete over kva for signaler som finnst innafor gjevne område, slik at ein kan oppdaga endring i dette biletet og freista tolka kva dette kan tyda på. Difor må SIGINT drivast 24/7 heile året om det skal ha avgjerande verknad på den strategiske situasjonen. Dette gjeld ikkje like mykje på operasjonelt og taktisk nivå.

Referansar

endre
  1. Polmar, Norman "The U. S. Navy Electronic Warfare (Part 1)" United States Naval Institute Proceedings October 1979 p.137


Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre