Signe Iversen

norsk samisk forfattar

Signa Iversen (fødd 22. desember 1956 i Nesseby) er ein samisk språkkonsulent og barnebokforfattar. Den første boka hennar, Mánugánda ja Heike («Måneguten og Heike»), som kom ut i 2011, vart i 2013 nominert til det første Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris frå det samiske språkområdet.[1]

Signe Iversen
Fødd 22. desember 1956 (65 år)
Nesseby
Yrke barnebokforfattar, forfattar
Born Agnete Saba
Debut 2011

Signe Iversen er frå Reppen i Nesseby kommune og arbeider som språkkonsulent ved det samiske språksenteret Isak Saba senteret.[2] Boka skreiv ho til dotter si Agnete Kristin Johnsen då dottera gjekk i småskolen. Seinare tok dottera forteljinga med på skulen og fortalde henne i klassa. Læraren tok deretter kontakt med forfattaren og spurde om ho ikkje kunne senda forteljinga til eit forlag, og etter kvart vart det bok av forteljinga.[3] Boka er illustrert av Sissel Horndal.

ReferansarEndra

  1. «norden.org». Arkivert frå originalen 2013-11-04. Henta 1. november 2013. 
  2. www.isaksaba.no
  3. Kan få Nordisk råds litteraturpris. NRK.no, 28. okt. 2013

BakgrunnsstoffEndra