Agnete Johnsen

norsk songar

Agnete Kristin Johnsen (fødd 4. juli 1994 i Varangerbotn) er ein norsk songar og frontfigur i rockegruppa The BlackSheeps.

Agnete Johnsen
The BlackSheeps MGP 2011.jpg
Nikolaj Nordbakk Gloppen, Agnete Johnsen og Emelie Nilsen
Fødd4. juli 1994
FødestadVarangerbotn i Finnmark i Noreg
FødenamnAgnete Kristin Johnsen
AliasAggi
OpphavNoreg
Aktiv2006–idag
SjangerRock
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe BlackSheeps
Verka somSongar
MorSigne Iversen
PrisarÅpenhetsprisen, Ole Vig-prisen

EurovisionEndra

Melodi Grand Prix Junior 2008Endra

I 2008 vann Johnsen, som ein del av gruppa The BlackSheeps, Melodi Grand Prix Junior 2008 med songen «Oro jaska beana». Etter sigeren i Melodi Grand Prix Junior 2008 fekk gruppa representere Noreg i Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 og vann.

Melodi Grand Prix 2011Endra

I 2011 skreiv gruppa historie då dei deltok i Melodi Grand Prix med songen «Dance Tonight». I den tredje semifinalen enda dei på andreplass og gjekk vidare til finalen. Dei fekk òg ein andreplass i finalen, og fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.

Melodi Grand Prix Junior 2013Endra

Under superfinalen i Melodi Grand Prix Junior 2013 framførte Johnsen, under namnet Aggie, songen «Goin' Insane».

Melodi Grand Prix 2016Endra

På ein pressekonferanse arrangert av Norsk rikskringkasting 19. januar 2016 vart Johnsen presentert som ein av artistane og låtskrivarane i Melodi Grand Prix 2016.[1] Ho skal framføre «Icebreaker», som ho har skriven saman med Gabriel Alares og Ian Curnow.[1]

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Agnete». Norsk rikskringkasting. 19. januar 2016. Henta 19. januar 2016.