Sigrid Agnethe Hansen

Sigrid Agnethe Hansen (fødd 14. september 1989) er ein norsk journalist og forfattar.

Sigrid Agnethe Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1989 (35 år)
Harstad kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, forfattar, radioprogramleiar
Ektefelle Sigbjørn Skåden Sjå dette på Wikidata
Sigrid Agnethe Hansen på Commons

Hansen er fødd og oppvakse i Harstad. Ho tok ein bachelor i litteraturvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo før ho flytta til Tromsø og tok ein mastergrad i samfunnsplanlegging og kulturforståing i 2014.

Sigrid Agnethe Hansen var nynorskpraktikant på kull 21 (2014-2015) ved Nynorsk mediesenter i Førde. Ho hadde ekstern praksis i NRK Troms, fekk vikariat der og blei fast tilsett i april 2016. Hansen arbeider som programleiar og produsent.

I 2020 debuterte Hansen med ungdomsromanen Ser du dette?.

Hansen er gift med Sigbjørn Skåden.

Bibliografi

endre
  • Ser du dette? – ungdomsroman, Samlaget 2020 (nynorsk)
  • Du veit ingenting – ungdomsroman, Samlaget 2023 (nynorsk)

Kjelder

endre
  • Nynorsk mediesenter: Presentasjon av praktikantar: Sigrid Agnethe Hansen [1]
  • Framtid.no: Intervju med Sigrid Agnethe Hansen , 10. mars 2020 [2]