Sigbjørn Skåden

norsk samisk forfattar

Sigbjørn Skåden (fødd 4. januar 1976) er ein samisk forfattar og kulturarbeidar frå Planterhaug (nordsamisk: Lánttedievvá) i Tjeldsund i tidlegare Skånland kommune. Han er no busett i Tromsø.

Sigbjørn Skåden
Sigbjørn Skåden under Márkomeannu 2019 02 (cropped).jpg
Fødd 4. januar 1976 (45 år)
Tromsø kommune
Yrke skribent, lyrikar
Mor Asbjørg Skåden
Debut 2004
Sigbjørn Skåden på Commons

I 1997 var Skåden blant stiftarane av ungdomssamskipnaden Stuornjárgga Sámenuorak (knytt til Norske Samers Riksforbund), som i 1999 starta opp Márkomeannu – ein samisk kultur- og musikkfestival som vert arrangert i grenseområdet mellom Tjeldsund kommune i Troms og Evenes kommune i Nordland og som arbeider for å fremja markasamisk kultur.

Skåden har studert litteratur og har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Tromsø. Han har òg ein mastergrad i britisk litteratur frå University of York.

Han er son av Asbjørg Skåden, som var lærer og sametingrepresentant 1997–2001.

ForfattarskapEndra

I 2004 debuterte Sigbjørn Skåden som forfattar med det episke langdiktet Skuovvadeddjiid gonagas. Handlinga er henta frå ei samisk bygd i Ofotenregionen i mellomkrigstida. Diktet er laga over myten om den evige jøden, og følgjer den ungen, samiske mannen Jusup, som vender attende til heimbygda etter fleire år i Sør-Noreg.[1][2] I 2005 var Skåden årets unge artist på Riddu Riđđu, der han framførte ei dramatisert oppsetning av diktet. I 2007 vart boka utgjeve på norsk med tittelen Skomakernes konge, gjendikta av han sjølv. Same år vart Skuovvadeddjiid gonagas nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2007 var han òg prologforfattar for Festspela i Nord-Noreg.

I november 2009 kom diktsamlinga Prekariáhta lávlla. Dikta følgjer dei samiske karakterane Debbie og Ian, som har fått namn etter Joy Division-vokalisten Ian Curtis og kona hans Deborah Curtis. I Prekariáhta lávlla blir det drege ei linje mellom samane si kulturpolitiske oppvakning på 70- og 80-talet og postpunkrørsla – ei musikkrørsle som oppstod i Nord-England på siste halvdel av 70-talet.

Hausten 2010 gjekk Skåden ut i det samiske ungdomsmagasinet Š og avsløra seg sjølv som forfattar av den anonymiserte bloggromanen Ihpil: Láhppon mánáid bestejeaddji. Boka utgjev seg for å vera ei attgjeving av ein blogg skrive av ei ung, lesbisk samejente som vart funne drukna i Tromsø hamn i desember 2007. Romanen vart skriven fortløpande som ein blogg hausten 2007, før han sommaren 2008 vart utgjeven i bokform etter bloggerens angivelege død.[3][4] I bokutgjevinga er det den fiktive samejenta sitt bloggaralias «Ihpil» som står oppført som forfattar. Boka kom i norsk omsetjing i april 2010 med tittelen Ihpil: De fortapte barns frelser.

I 2012 gav han ut ei faktabarnebok om samar med tittelen Sámit/Samer. Boka er gjeven ut i to versjonar, på nordsamisk og norsk, i Cappelen Damms faktaløveserie.

BibliografiEndra

  • Skuovvadeddjiid gonagas – lyrikk, Skániid girjie (2004)
    • Skomakernes konge – lyrikk, Skániid girjie (2007)
  • Ihpil: Láhppon mánáid bestejeaddji – dagbokroman, Skániid girjie (2008)
    • Ihpil: De fortapte barns frelser – dagbokroman, Skániid girjie (2010)
  • Prekariáhta lávlla – lyrikk, Skániid girjie (2009)
  • Sámit/Samer – faktabok for barn, Cappelen Damm (2012)
  • Våke over dem som sover – roman, Cappelen Damm (2014)
  • Fugl – roman, Cappelen Damm (2019)
Som redaktør
  • Riimiin rámiin - tornesamisk ungdomsantologi – Skániid girjie (2003)
  • Samiske stedsnavn i Skánik/Skånland – Skániid girjie (2010)

Prisar og utmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. Dømt til å vandre – Lyrisk beretning om samen Jusup som knytter an til Ahasverus-myten i Aftenposten
  2. Fascinerende priskandidat; nordlys.no
  3. Bloggen Ihpil
  4. Ga seg ut for å være ung og lesbisk samejente på blogg nrk.no

KjelderEndra