Sigrid Merethe Hanssen

Sigrid Merethe Hanssen (fødd 8. februar 1966)[1] er ein norsk forfattar og filolog frå Lenvik i Troms. Ho arbeider som lektor i norsk og bur på Finnsnes.[2]

Sigrid Merethe Hanssen
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. februar 1966 (58 år)
Yrke Forfattar, lektor
Periode 2007-
Far Arvid Hanssen
Debut Sprang
Nettstad sigridmerethehanssen.no

Hanssen debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, som ho fekk Blixprisen for.[3] Novellesamlinga Ingen heime kom ut i 2009, og i 2011 kom barneboka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Våren 2013 gav ho ut romanen Sofia.

Sigrid Merethe Hanssen er dotter til diktaren Arvid Hanssen.[4]

Bibliografi

endre
  • Sprang (novellesamling), Samlaget 2007 (nynorsk)
  • Ingen heime (novellesamling), Samlaget 2009 (nynorsk)
  • Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet (barnebok), illustrert av Åshild Irgens) Samlaget 2011 (nynorsk)
  • Sofia (roman), Samlaget 2013 (nynorsk)
  • Kom ei jente gåande (roman), Samlaget 2022 (nynorsk)

Andre

endre
  • "Over fjell" (novelle) i: Ingenmannsland. Nye nynorske noveller (side 62-80), Samlaget 2020 (nynorsk)

Prisar

endre

Referansar

endre
  1. «Sigrid Merethe Hanssen (08.02.1966)». forfatterkatalogen.no. Henta 11. februar 2013. 
  2. «Sigri Merethe Hanssen». Sigrid Merethe Hanssen. Henta 18. februar 2013. 
  3. «Presentasjon av Sigrid Merethe Hanssen». Nettstaden til Samlaget. Henta 11. februar 2013. 
  4. Ottar Fyllingsnes (23. februar 2007). ««Avgjerande augneblinkar»» (PDF). Dag og Tid / nynorsksenteret.no. Henta 15. februar 2013. 
  5. Marianne Lystrup (19. august 2009). ««Forfattarpris»». Nettstaden til Vårt Land. Henta 20. august 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre