Sigrid Sollund (fødd i 1976) er ein norsk journalist og forfattar, mest kjend som programleiar i debattprogrammet Dagsnytt 18NRK.

Sigrid Sollund

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1976 (48 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke Journalist
Organisasjon NRK
Sigrid Sollund på Commons

Sollund vaks opp på Skullerud i Oslo. Ho har studert psykologi ved Universitetet i Oslo, produktdesign ved Høgskulen i Oslo og Akershus og journalistikk ved Høgskulen i Volda.[1]

Sidan ho starta som student i praksis i Austlandssendinga i 2001, har ho jobba i Alltid Nyheter, i NRK P2 og i NRK2. Ho har vore reporter og programleiar for Politisk kvarter og Ukeslutt, og har leia partileiarutspørjingar ved fleire stortingsval og debattprogrammet Dagsnytt 18.[2][3]

I 2017 kom Sollund med boka Hersketeknikker: Nyttige og nådeløse, om bruk av hersketeknikkar i politikken, media, familie- og arbeidsliv.[4]

Referansar

endre
  • Artikkelen er basert på bokmålsartikkelen om Sigrid Sollund slik den var 29. juli 2019 klokka 13:11.
Fotnotar
  1. «Forelska i galskap», universitas.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 29. juli 2019, henta 29. juli 2019 
  2. «Sigrid Sollund», www.nordiskemediedager.no, arkivert frå originalen 29. juli 2019, henta 29. juli 2019 
  3. Wiberg, Kari Finstad (4. august 2008), «Ukas P2-fjes: Sigrid Sollund», NRK (på norsk bokmål), henta 29. juli 2019 
  4. «Hersketeknikker handler ikke bare om menn som manipulerer kvinner», Minerva (på norsk bokmål), 19. oktober 2017, arkivert frå originalen 29. juli 2019, henta 29. juli 2019