Opna hovudmenyen

Sigrun Krokvik

norsk skribent

Sigrun Krokvik, eigentleg namn Sigrun Karin Christiansen, (fødd 30. august 1932) er ein norsk forfattar. Den første romanen ho skreiv, den psykologiske thrilleren Bortreist på ubestemt tid, vekte stor merksemd tidleg på 1970-talet. Boka vart halden fram som ei oppattnying av den norske kriminallitteraturen. Boka vart filmatisert av Pål Bang-Hansen i 1974, og også filmen er rekna som eit sentralt verk blant norske kriminalfilmar. Krokvik har berre gjeve ut to romanar.

Sigrun Krokvik
Pseudonym Sigrun Krokvik
Fødd 30. august 1932
Noreg
Yrke skribent

UtgjevingarEndra

PrisarEndra