Pål Helge Bang-Hansen (fødd 29. juli 1937 i Oslo, død 25. mars 2010)[1] var ein prisløna norsk skodespelar, regissør, journalist, forfattar og filmkritikar.[2][3]

Pål Bang-Hansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juli 1937
Oslo Sjå dette på Wikidata
Død

25. mars 2010 (72 år)

Yrke filmregissør, journalist, skodespelar, manusforfattar, skribent, filmmeldar, programleiar, fjernsynsskodespelar
Far Odd Bang-Hansen Sjå dette på Wikidata
Prisar Amandakomiteens ærespris, Gullrutens hederspris, Den Spillende Faun

I meir enn 30 år spela han, ved sidan av arbeidet som filmregissør, ei viktig rolle som formidlar av film gjennom fjernsynet.

Biografi endre

Saman med familien budde han i Hammarbyhöjden i Stockholm frå 1943, der han gjekk på barneskule. Då han var busett i Husebygrenda, vart han barnestjerne og opptredde mellom anna mykje med Sverre Udnæs i høyrespela i Barnetimen, med hovudrolla i Mesterdetektiven Blomkvist. Bang-Hansen debuterte på film i Gategutter av Arne Skouen (1949). Etter eit opphald i Italia i åra 1950–1952 fekk han hovudrolla i bokfilmen til faren, Odd Bang-Hansen, Tom og Mette på sporet i 1952. På gymnaset studerte han språk samtidig med Gro Harlem Brundtland og Rolf Presthus, var leiar for Studentersamfundets Teater i 1959, før filmstudiar på regilinja ved Centro Sperimentaledi Cinematografia i Roma frå 1960 til 1962.

Frå 1962 rapporterte han årleg frå Filmfestivalen i Cannes, ofte saman med Arne Hestenes, frå 1968 med base i bustaden hans ved Tovo ved Villa Faraldi i Liguria. Derifrå skreiv han også reise- og matbøker. Som faren vart han kulturjournalist i Arbeiderbladet, og var det frå 1961 til 1967, men er mest kjend frå NRK, der han vart tilsett i 1965 og leidde Filmmagasinet heilt frå 1967 til 1993.

I 1966 gifta han seg og regisserte den fyrste av seks filmar for EMI Produksjon, Skrift i sne (1966) med manus av faren og broren Kjetil Bang-Hansen mellom skodespelarane. Komedien Norske byggeklosser selde bra i 1972. Dei to borna hans, Simen og Bent, var med i Kanarifuglen (1973). Den siste filmen han regisserte, var Kronprinsen, der Bjørn Sundquist vann Filmkritikerprisen 1980.

Andre NRK-program med Bang-Hansen var spørjeleiken Zoom i 1985 og også Lørdagsbilaget same år. I tillegg leidde han På kino i kveld (1990–1992),Oscarfest i Hollywood (1992),[4] og han har hatt innslag i Kulturoperatørene i 1994 og Cinemaskopet med Anne Hoff i 1996. Han leidde Påls briller i 1997, var innom Gydas vei i 1998, og var filmmeldar i Frokost-TV mellom 2003 og 2007. I 2002 laga NRK dokumentaren Pål sine stjerner om han.[5] Dessutan opptredde han sjølvparodisk i Uti vår hage i 2003. Bang-Hansen pensjonerte seg frå NRK i 2007, men heldt fram å skrive manuskript, det siste om XU-jenter frå den andre verdskrigen.[6]

Filmografi endre

Som regissør endre

Som skodespelar endre

Bibliografi endre

  • Dager med Douglas (1970)
  • 24 ganger i sekundet (Cappelen, 1988)
  • Norske filmplakater 1911-1988 (Samlaget, 1988)
  • Villa Faraldi (1986, saman med Jon Lie)
  • Rivieraen (Cappelen, 2003)
  • Toscana og litt om Umbria (Cappelen, 2003)
  • Toscana, kultur og historie (Cappelen, 2004)
  • Roma (Cappelen, 2005)
  • Roma, historie og kultur i den evige stad (2005)

Prisar endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Pål Bang Hansen er død» på NRK.no (25.10.2010).
  2. «Pål_Bang-Hansen» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Pål Bang-HansenIMDb
  4. Fiasko-lørdag med Pål i VG (06.04.1992).
  5. Pål sine skrøner (14.8.2002).
  6. Filmplan om motstandskvinner. Bang-Hansen har manus klart i VG (13.4.2009).
  7. Universitas.no Nasjonalheltenes fødeplass i

Bakgrunnsstoff endre