Sigtuna er ein tettstad og administrasjonssenter i Sigtuna kommun i Stockholms län i Sverige. I 2010 budde det 8444 innbyggjarar i staden. Sigtuna ligg ved Mälaren og vart grunnlagd av Erik Segersäll kring år 980. Sigtuna var ein av de tre første byane i dåverande Sverige (dei andre to var Lödöse og Skara).[1] Staden vart seinare sete for den første kristne kongen, Olof Skötkonung, som let slå dei første svenske myntane i Sigtuna. Sigtuna blomstra som eit kongeleg, kyrkjeleg og kommersielt sentrum fram til sluten av 1200-talet.

Sigtuna
By
Storagatan.jpg
Storgata i Sigtuna
Byvåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Region Uppland
Fylke Stockholms län
Kommune Sigtuna kommun
Koordinatar 59°37′N 17°43′E
Tidssone   (UTC+1)
 - Sommartid   (UTC+2)
Wikimedia Commons: Sigtuna
Nettstad: Sigtuna kommune

EtymologiEndra

I starten av 1900-talet meinte mange forskarar at tuna-stader opphavleg var gamle kultplassar. Professor Otto von Friesen foreslo i 1922 med tilvising til eit av Odin sine noanamn, Sig, at Sigtuna skulle vere ein gamal kultplass for Odin. I dag meiner ein at den mest sannsynlege tydinga av namna er at sik (sig) tyder 'våtmark' og at tuna viser til ein sentralplass (handelsplass, befesta plass). Ei alternativ forklaring er at det skulle komme frå det keltiske Segodunon, med tydinga 'sterk borg'. Namnet har truleg opphavleg sikta til det gamle Fornsigtuna i Håtuna, og flytta med når byen vart grunnlagd.[2] Sigtuna vart skrive Sihtunum på ein runestein frå 1000-talet. Steinen er utstilt i Sigtuna museum. På myntar frå om lag same tid er Sigtunanamnet skrive i ulike varianter.

HistorieEndra

OldtidEndra

I Sigtuna har ein funne om lag 630 fornminne. Frå bronsealderen finst det spreidde graver. Dei fleste fornminna er frå jernalderen. Det er 25 gravfelt og 35 runesteinar, dei fleste i byområdet. To av runesteinane omtalar frisiske gilde i byen. Dessutan er det ei fornborg, Trollberget.

 
Sankt Pers kyrkjeruin og Sigtuna prestegard.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Bertil Nilsson. Svensk kyrkohistoria del 8: Missionstid och tidig medeltid s 37
  2. [1]

BakgrunnsstoffEndra