Olof Skötkonung (fødd omkring 980, død vinteren 10211022), var konge av Sverige frå om lag 995 til han døydde.

Olof Skötkonung (Olav Svenske)

Detalj av skulptur av kong Olof
på midtpartiet av Stockholms Stadshus
(Skulptur utført av Ansgar Almquist)
Konge av Sverige
Periode9951022
Føddom lag 980
Død1022
Dødsstadtruleg Husaby i Västergötaland
MorSigrid Storråde
FarEirik Sigersæl
EktefelleEdla (frille frå Vendland)
Estrid (obotrittisk hovdingdotter)
SambuarEdla
BarnEmund den gamle, Ingegjerd Olofsdatter, Astrid Olofsdotter, Anund Jakob, Holmfrid av Sverige
FarEirik Sigersæl
MorSigrid Storråde
FøregangarEirik Sigersæl
EtterfølgjarAnund Jakob

Kong Olof er omtala i dei norrøne kongesogene, i Soga om Olav den heilage[1] blir han kalla Olav Sviakonge (Ólafs Svíakonungs hins sœnska) og i Fagerskinna[2], blir han omtala som Olav Sviakonge (Ólaf Sviakonung) eller Olav Svenske (Ólafr svænski).

Familie endre

Far hans var kong Eirik Sigersæl (i Sverige: Erik Segersäll). Kjeldene er usikre, til dels motstridande, om kven som var mor hans. Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen opplyser at ho kom frå Polen, men truleg må ein feste mest lit til Snorre når han skriv at ho var Sigrid, dotter til den svenske stormannen Skoglar-Toste. Snorre skriv om henne at ho «var stor på det» og i sogene blir ho oftast kalla Sigrid Storråde. Truleg hadde kong Olof to systre, ei av dei var Holmfrid Eiriksdotter som vart gift med ladejarlen Svein Håkonsson.

Kjeldene er usikre, men truleg var Olof sin son, Anund Jakob, gift med Gunnhild, dotter åt ladejarlen Svein Håkonsson og Holmfrid, og Holmfrid kan då ikkje ha vore syster til Anund Jakob. I Knytlinga Saga[3] blir det fortalt at kong Svein Estridsson i Danmark var gift med Gunnhild, ei dotter av Svein Håkonsson Ladejarl. Adam av Bremen[4] nemner (tillegg 66) at dronning Gunnhild var enke etter kong Anund.

Kong Olof gjorde i ungdomen ei hærferd til Vendland, slik det er nemnt i Olavsdråpa[5] av skalden Ottar Svarte (omsetjing etter Finnur Jónsson):

Vísi tekr (víg-Freys)
víst austr munlaust
(aldar hefr allvaldr)
Óska víf (gótt líf).
Fyrsten tager i besiddelse
tilvisse det herreløse land
i østen;
herskeren nyder krigerens gode liv.

Truleg på denne herfærda hærtok han ei jente som er kalla Edla. Snorre omtalar henne som ei trælkvinne og at ho var dotter til ein jarl frå Vendland. Med henne fekk kong Olof sonen Edmund og dottera Astrid.

Adam av Bremen[6] opplyser at han seinare gifte seg med Estrid (f. om lag 979), dotter til ein obotrittisk (slavisk) hovding (truleg prins Mieceslas f.ca 943). Med henne fekk han sonen Jakob (Anund) og dottera Ingegerd.

Om borna til kong Olof:

  • sonen Edmund (den gamle) var svensk konge i tida 1050-1060.
  • dottera Astrid vart gift med Olav Haraldsson (den heilage) og var mor til Ulfhild (1020-1070) som i 1042 vart gift med Otto av Brunswick, (òg nemnt som hertug Ordulf av Sachsen).
  • dottera Ingegerd (ca 1001-1050) vart gift i 1019 med fyrst Jaroslav den vise (978-1054) i Kiev. Etter at ho døydde vart ho opphøgd til helgen, med nanmet «den heilage Anna av Novgorod».
  • sonen Anund Jakob var svensk konge i tida 1022-1050.

Liv og lagnad endre

 
Kartskisse over dei to svenske landskapa Svearike og Götaland. (kartet er omdiskutert)

Det meste av opplysningane om kong Olof i er basert på usikre kjelder, og det vi finn i den norrøne sogelitteraturen er oftast skildra ut frå hans tilhøve til Noreg, sett med norske (islandske) augo. Etter Skaldatal[7] var desse skaldane knytt til kong Olof: Gunnlaug Ormstunge, Ravn Ånundsson, Ottar Svarte og Gissur Svarte (Gullbråskald). Utanom «Olavsdråpa» (sjå ref.) av Ottar Svarte, er ingen andre skaldevers kjende der kong Olof er omtala.

Han tok over som svensk konge etter at faren Eirik Sigersæl døydde, truleg i 994/995. Han er rekna som den første kongen som rådde over både Svearike, det gamle kongeriket med sentrum Gamle Uppsala og Sigtuna, og Götaland (Gautland)

Det er usikkert kva som hende i Sverige/Danmark i tida rett før Olof vart konge, men alt tyder på at kong Eirik Sigersæl hadde erobra Danmark og forvist kong Svein Tjugeskjegg frå riket. Ikkje lenge etter at Olof vart konge, kom Svein Tjugeskjegg attende, og det kom i stand eit forlik slik at han fekk attende styringa over Danmark. Truleg som ein del av dette forliket, sende kong Svein frå seg den polske kona si, Gunnhild[Note 1], og gifte seg med Sigrid, kong Olof si mor og enke etter Eirik Sigersæl. Dette hende òg rett etter at Olav Tryggvason hadde erobra kongsmakt i Noreg (995), og ladejarlane Eirik Håkonsson og Svein Håkonsson hadde rømt frå landet og fått opphald hjå kong Olof i Sverige.

Slaget ved Svolder endre

I tida før år 1000 kom det i stand ein allianse mellom kong Olof, kong Svein Tjugeskjegg og ladejarlane, og eit uttrykk for dette ser ein i ekteskapsalliansane som vart etablert; Svein Håkonsson vart gift med Holmgerd, syster til kong Olof (sjå ovanfor), Eirik Håkonsson vart gift med Gyda, dotter til kong Svein, og kong Olof var formelt blitt styksonen til kong Svein. Samarbeidet mellom dei tre partane skuldast mest truleg at dei ottast trugsmålet frå kong Olav Tryggvason; det var blitt kjent at han hadde teke til å ruste ut ein stor hærflåte i Noreg. Sumaren i året 999 eller 1000 kom ein norsk flåte sørover mot Danmark og kyrkjehistorikaren Adam av Bremen skreiv i si «beretning»[8] at kong Olav «gjekk til krig mot danskekongen».

Tidleg på hausten kom det til slag på ein stad som sogene kalla Svolder. I dei norrøne sogene blir slaget oftast framstilt som eit privat oppgjer mellom dei involverte stormennene og heile soga om Svolderslaget blir flytta til privatsfæren. Det er likevel meir truleg at den verkelege bakgrunnen til konflikta var beinhard storpolitikk, der striden stod om herredømet over dei skandinaviske landa og England. Dei norrøne sogene skildrar innleiinga til slaget, og sjølve slaget, med ein sterk «nasjonal» tendens og set dei to nordmennene Olav Tryggvason og Eirik jarl i fokus, men det er ikkje tvil om at kong Olof deltok i slaget og til dømes i Ågrip[9] er det nemnt at han hadde ein flåte på tretti skip.

Olav Tryggvason miste livet i slaget og Snorre skreiv at Noreg etter denne krigen vart delt mellom sigerherrane, og kong Olof skal ha fått ein tredjepart av Noreg. Han skal deretter ha gitt sin del i len til sin verbror, Svein Håkonsson. Denne delinga er i dag rekna som lite truverdig og i alle høve fekk ho aldri varige verknader for riksgrensene mellom Noreg og Sverige. I nyare historieskriving blir oftast Eirik jarl omtala som reell riksstyrar i Noreg i tida 1000-1015, gjerne med tillegget «berre formelt underordna den danske kongen» (aldri den svenske …).

Kristningskonge endre

 
Kjelda ved Husaby kyrkje.
Teksten på skiltet er: I källan här nedanför döptes omkring år 1000 OLOF SKÖTKONUNG Sveriges förste kristne konung af engelske missionären Sigfrid.

Kong Olof Skötkonung er rekna for å ha vore den første svenske kongen som var kristen til han døydde. Etter ei legende vart han døypt i ei kjelde i Husaby[10] ved Kinnekulle i Vest-Götaland i år 1008 av den engelske misjonsbiskopen Sigfrid. Han arbeidde for å innføre kristendommen, men utan tvangskristning slik dei norske kongane praktiserte. Han møtte motstand då han ville øydelegge det heidne tempelet i Uppsala, men fekk i staden bygge kyrkje og etablere bispesete i Skara[10] i Vest-Götaland. Adam av Bremen[11] omtala kong Olof særs positivt og skreiv at det var etter oppfordring frå den «fromme kong Olof» at erkebiskop Unwan frå Hamburg innsette Thurgot som den første biskopen i Skara.

Konflikt med Olav den Heilage endre

Hausten 1015 kom vikingkongen Olav Haraldsson med hærmakt til Noreg, og ved påsketider 1016 vann han over den norske leidangen og Svein Håkonsson Ladejarl i slaget ved Nesjar. Stutt tid etter vart han teken til norsk konge. Etter nederlaget reiste Svein Håkonsson ut or landet og drog til verbror sin, kong Olof i Sverige. Snorre fortel at dei hadde lagt planar om å gjere eit åtak over land mot kong Olav, men truleg den same hausten døydde Svein jarl.

Etter dette vart det eit spent tilhøve mellom kong Olof og kong Olav i Noreg og det oppstod tvistar om landegrenser og skatteplikt. Dei norrøne sogene skildrar, sett med norske augo, den svenske kongen som lite ordhalden og arrogant. Truleg var sanninga at det var misnøye mellom svenske bønder og stormenn som skuldast kong Olof si kristne tru, og kong Olav i Noreg utnytta stoda for å vinne seg innpass og aksept frå den svenske kongen. Omkring 1019 måtte kong Olof gi etter for påtrykket og, etter seiande mot hans vitande og vilje, vart dottera Astrid på den tida gift med kong Olav Haraldsson. Om lag samstundes vart dottera Ingegerd gift med storfyrste Jaroslav den vise i Kiev.

Dei siste åra endre

Det var truleg motstanden mot kong Olof sitt kristendomsarbeid som gjorde at han i dei siste åra av styringstida fekk redusert makt, og etter det Snorre skreiv, vart han beint fram truga med fullt opprør av stormennene i Sverige. Han skal ha blitt nøydd til å dele kongsmakta med sonen Anund Jakob, som då var berre ein unggut. Omkring år 1019 vart kong Olof truleg forvist frå Uppsala[11] og hadde etter den tida berre styring med Vest-Götaland.

Stykbror[Note 2] til kong Olof, kong Knut den store hadde i 1017 fullført erobringa av England, etter at Edmund Jernside døydde. I krønika til Florence av Worcester[12] blir det sagt for det året, at kong Knut sende dei to sønene etter Edmund Jernside, Edward og Edmund, til kongen i Sverige, for at dei skulle drepast der. Om dette var sanninga eller ikkje, i alle høve drap ikkje kong Olof dei to gutane, men sende dei til dotter si, Ingegerd, i Kiel, og deretter vart dei sende til Ungarn. Den ein av dei, Edmund, døydde ikkje lenge etter, men den andre, kalla Edvard den landflyktige, vaks opp og levde til 1057.

Kong Olof døydde vinteren 1021/1022 og det oppstod myter og usikre soger både om korleis han døydde og kvar helst han vart gravlagd; det var endåtil dei som tok til å tale om at han var ein martyr og helgen. Den katolske kyrkja har seinare avvist dette som ei mistyding.

Snorre la desse orda i munnen på kong Olof Skötkonung: « .. for eg er den tiande kongen i Uppsala der frende etter frende har teke riket og vore einevaldskongar over Sveavelde og over mange andre store land, og alle har dei vore overkongar over dei andre kongane i Norderlanda».

Det er blitt sett fram mange, ulike hypoteser om tydinga av namnet Skötkonung, men den mest truverdige forklaringa er «skattekonge» då han kan ha vore den første kongen som kravde betaling i staden for leidangteneste, noko som seinare vart til «skatt».

I oversikt over svenske regentar[13], er Olof Skötkonung ført opp som den andre kongen i Sverige, med regjeringstid frå om lag 995 til om lag 1022.

 
Mynt prega for Olof Skötkonung i Sigtuna. Innskrifta er tyda slik: OLAF REX SWEVORVM og GODWINE MO SIHT (moneta Sihtun)

Myntar endre

 
Myntverket til kong Olof Skötkonung i Sigtuna.

Det er funne eit stort antal myntar med kong Olof sitt namn[14], mellom andre med innskrifta REX SWEVORVM (konge av sveane). Dei eldste myntane, datert til litt etter år 1000, er av same type som for den engelske kongen Edhelred, og innskrifta GODWINE MO SIHT (moneta Sihtun) viser at dei vart gjort i Sigtuna av den engelske myntmeisteren Godwine. Han kom truleg først til Noreg saman med Olav Tryggvason, og reiste seinare til kong Olof i Sverige. (Namnet hans finst òg på mynt som vart gjort for kong Svein Tjugeskjegg i Danmark.) Fleire andre av kong Olof sine myntar er funne, gjort av andre myntmeistrar, nokre av dei med religiøs innskrift, som IN NOMINE DIN (i Guds namn).

Ein har ikkje funne myntar prega i Noreg med kong Olof sitt namn, noko som svekker ideen om at han etter slaget ved Svolder, skulle ha rekna deler av Noreg som underlagt Sverige.

Notar endre

  1. Gunnhild (Świętosława) reiste truleg til bror sin, fyrst Boleslaw. I det engelske kjeldeskriftet Encomium Emmae Reginae (ca 1040) blir det fortalt at etter at Svein Tjugeskjegg var død (1014), drog sønene hans, Harald og Knut, til Polen og henta heim mor deira.
  2. Kong Olof og kong Knut var berre reint formelt i slekt; kong Olof si mor (Sigrid) var gift med far til kong Knut.

Referansar endre

  1. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no (S. Schjött 1900)
  2. Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst
  3. Knytlinga Saga (C.C.Rafn), kap.23
  4. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (kap.15) (Aschehoug 1993)
  5. Olavsdråpa Arkivert 2016-04-08 ved Wayback Machine. av Ottar Svarte (Skaldic Project)
  6. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.39 (Aschehoug 1993)
  7. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  8. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.40 (Aschehoug 1993)
  9. Ågrip or Noregs kongesoger kapittel 13, v/Gustav Indrebø (1973) ISBN 8252101623
  10. 10,0 10,1 Husaby biskopsborg och Sankt Sigfrids källa lansstyrelsen.se
  11. 11,0 11,1 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.58 (Aschehoug 1993)
  12. The Chronicle of Florence of Worcester av Thomas Forester A.M. (1854)
  13. Sveriges kungahus Arkivert 2016-03-16 ved Wayback Machine. Sveriges regenter under 1000 år
  14. Norges Mynter i Middelalderen, av C. I Schive (Christiania 1865)

Bakgrunnsstoff endre