Sigurd Frosterus (18. juni 18762. mars 1956) var ein finsk arkitekt.

Sigurd Frosterus

Statsborgarskap Finland
Fødd 4. juni 1876
Asikkala
Død

2. mars 1956 (79 år)
Helsingfors

Yrke arkitekt
Medlem av Euterpe
Sigurd Frosterus på Commons

Frosterus tok eksamen ved Tekniska högskolan i Helsingfors 1902 og dreiv saman med arkitekt Gustaf Strengell eit arkitektbyrå 1902–1904. Dei teikna blant anna villa Ekudden (1904), som vart presidentbustad og no er eit museum over Urho Kekkonen.

Frosterus' arbeid tilhøyrer jugendstilen, og han er truleg mest kjend for Stockmanns varehus i Helsingfors (1930), som vart bygd etter at han fekk andreplass i ein arkitektkonkurranse. Andre arbeid er blant anna fleire bustader i Helsingfors, det slottsaktige luksushotellet Vanajanlinna nær Tavastehus, og Nordiska Föreningsbankens (no Nordeas) hovudkontor i Helsingfors.

Frosterus var òg ein aktiv kunstkritikar og mesen. Han planla den finske avdelinga på Göteborgs jubileumutstilling i 1923 og valde ut kunsten til utstillinga. Hans eiga kunstsamling vart etter at han døydde donert til Amos Andersons Konstmuseum i Helsingfors.

Kjelder

endre