Sigurd Njerve (fødd 12. september 1971) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Stord, medlem i Stord TIL, frå 1991 IL Norna-Salhus. Han vart noregsmeister i tresteghopp i 1995, 1996 og 2000, i 1996 vart han også noregsmeister i lengdehopp. Frå 1996 til 1999 hadde han norske rekorden i tresteghopp.

Sigurd Njerve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1971 (52 år)
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Njerve sette personleg rekord med 16,00 meter i tresteghopp ved eit stemne i Skien 8. august 1992. To år seinare forbetra han denne til 16,22 m då han på Jessheim vann han sitt andre NM-sølv i øvinga, slått av Ketill Hanstveit. Under NM 1995 på Lillehammer forbetra Njerve sitt personbeste til 16,73 meter og tok gull på norsk årsbeste. Sommaren 1996 var Njerve i sitt livs form. Ved eit stemne i Byrkjelo den 16. juni sette han norsk rekord med 16,86 m. Allereie ni dagar seinare, den 15. juni i Helsinki, flytta han rekorden til 17,01 meter og vart andremann etter verdsrekordhaldaren Jonathan Edwards. Dermed fekk han billett til dei olympiske leikane i Atlanta, der han med svake 16,14 m i kvalifiseringa enda på 30. plass. Vel heimkomen frå Atalanta vann han gullmedaljen i så vel lengde som tresteg då noregsmeisterskapen 1996 vart avvikla i Kristiansand midt i august. Han presterte livsbeste 7,78 meter i lengdegropa om fredagen, før han om sundagen forsvarte NM-gullet i tresteg med eit hopp på 17,06 m, men for sterk medvind til at det kunne godkjennast som norsk rekord. Sidan var Njerve tidvis plaga av skadar, lukkast likevel verte noregsmeister 2000, etter ein tvikamp med Ketill Hanstveit som i mellomtida hadde teke over som norsk rekordhaldar i øvinga.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1993 i Tønsberg: Sølv i tresteghopp – 15,79 m, bakom Ketill Hanstveit (16,38 m)
  • 1994 på Jessheim: Sølv i lengde – 7,36 m, sølv i tresteg – 16,22 m
  • 1995 på Lillehammer: Gull i tresteg – 16,73 m, bronse i lengde – 7,49 m
  • 1996 i Kristiansand: Gull i tresteg – 17,06 m, gull i lengde – 7,78 m
  • 1998 i Askøy: Sølv i tresteg – 15,76 m, bakom Ketill Hanstveit (17,20 m)
  • 2000 på Steinkjer: Gull i tresteg – 16,14 m, framom Ketill Hanstveit (16,07 m)

Kjelder endre