Sigurd Verdal

norsk politikar

Sigurd Verdal (4. juni 192727. august 2010) var ein lærar og politikar frå Eiken i Vest-Agder. Han representerte Arbeidarpartiet og Vest-AgderStortinget i tida 1981 til 1993.

Sigurd Verdal
Fødd 4. juni 1927
Død 27. august 2010
Parti Arbeidarpartiet

Då han var fem år gammel flytta han til garden Verdal i Eiken. 13 år gammal melde han seg inn i Eiken AUL. I 1949 vart han student frå Sørlandets gymnas i Kvinesdal, og utdanna seg så til lærar, tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1953.

Verdal arbeidde frå 1953 i framhaldsskulen i Byremo i Audnedal kommune, og frå 1958 i realskulen, då denne kom i staden for framhaldsskulen. Åra frå 1969 til 1981, då han vart stortingsrepresentant, var han skulesjef i Audnedal.

På fritida engasjerte Verdal seg i idrettsrørsla. Han var 1962-64 formann i Grindheim IL, 1965-69 formann i Vest-Agder skikrins og styremedlem i Norges Skiforbund 1969-76 og 1977-82.

Frå 1981 til 1993 var Verdal stortingsrepresentant. Han var medlem av Landbrukskomiteen fram til 1989. Medan Syse-regjeringa sat ved statsroret, 1989-90, var han medlem av Samferdslekomiteen. Etter Gro Harlem Brundtland i november 1990 vart statsminister for tredje gong, flytta Verdal over i landbrukskomiteen att, då som nestleiar. Elles var han nestleiar av Kontrollkomiteen 1986-89 og leiar 1989-90. Styreformann i Løvebakken mållag 1986-88.

Verdal var leiar av Omsetningsrådet under Statens Landbruksforvaltning frå 1992 til 2000.

KjelderEndra