Opna hovudmenyen

Sigvat Tordarson

norsk poet
(Omdirigert frå Sigvat Skald)
Sigvat får eit sverd som hirdmann av kong Olav. Illustrasjon av Christian Krohg frå 1899.

Sigvat Tordarson (norrønt Sighvatr Þórðarson), var ein islandsk skald, fødd på Island om lag 995, død i Noreg om lag 1045. I sogelitteraturen blir han ofte nemnd som Sigvat Skald.

Far hans var skalden Tord Sigvaldaskald, men han vart oppfostra hjå Torkjell, ein bonde på garden Apavatn i GrimsnesIsland. Han var i slekt med skaldane Ottar Svarte og Ravn Hrutafjording[1].

Sigvat Skald er rekna mellom dei fremste skaldane i den norrøne litteraturen. Han var først skald hos Olav den heilage og seinare hos sonen hans Magnus den Gode. Mange av kvada i Soga om Olav den heilage i Heimskringla er dikta av Sigvat, men han gjorde òg dikt om andre stormenn og fyrstar, m.a. kong Knut den mektige, hersen Erling Skjalgson og lendmannen Ivar Kvite.

Som ung mann kom han til Noreg og utanom nokre reiser til utlandet, vart han buande her livet ut. Han oppsøkte kong Olav Haraldsson då han kom til landet i 1015/1016 og fylgde sidan kongen som hirdskald. I 1025 eller 1026 var Sigvat hos kong Knut i England, truleg i eit diplomatisk ærend, og frå denne tida omtalar han seg som stallare. I 1029 reiste han på pilegrimsferd til Roma (saman med Berse Skaldtorfuson) og var på heimveg då han fekk høyre at kong Olav Haraldsson var fallen på Stiklestad. Seinare var han hos kong Magnus den gode, til han døydde om lag 1045.

Truleg hadde Sigvat Skald gard og familie i Trøndelag, og ei dotter, Tova, er nemnd. Etter ei segn vart han sjuk og døydde på Selja, seinare skal han ha blitt send til Nidaros og gravlagt i Kristkyrkja der.

Mykje av diktinga hans er teke vare på, til dømes:

Nesjavísur - Om slaget ved Nesjar 1016 (det eldste kvadet som er bevart av Sigvat)
Erfidrápa - minnedikt om kong Olav
Austrfararvísur - reise til Sverige 1019
Vestrfararvísur - reise til England 1025/26
Bersǫglisvísur (fritaleviser) - til kong Magnus
Knutsdråpa - om kong Knut den mektige

Livet hans (og kvada) blir presentert i tåtten «Sighvats þáttr skálds».[2]

I Skaldatal[3] er Sigvat ført opp som skald hos kongane Anund Jakob Olofsson, Olav den heilage, Magnus den gode, Knut den mektige og stormennene Erling Skjalgsson og Ivar Kvite.

ReferansarEndra

  1. Finnur Jónsson, side 332.
  2. «Tåtten om Sigvat skald», heimskringla.no
  3. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource

BakgrunnsstoffEndra