Sida

samisk samfunnsorganisering, mellom anna i reindrifta
(Omdirigert frå Siida)
For den svenske bistandsorganisasjonen, sjå Sida i Sverige.

Sida (nordsamisk siida, lule- og pitesamisk sijdda, sørsamisk sijte) er i tradisjonell samisk kultur ei gruppe av to eller fleire familiar, ofte er i slekt med kvarandre, som har reinen sin samla i ein reinflokk. I sidaen vert reinflokken gjeta kollektivt, og sidaen flyttar med folk og rein mellom ulike årstidsbeite etter eit fast mønster.

Samisk familie, fotografert rundt 1900

På norsk vart omgrepet tidlegare omsett med ordet reinby.

Ordhistorie endre

Det nordsamiske ordet siida finst i alle samiske språk, og går attende til ursamisk *sijte̮. Det tilsvarande ordet i finsk er hiisi, begge orda går attende til ur-finsk-samisk *šijti. Tydinga til hiisi er belagt i tidlege kjelder som "førkristen heilag stad" tilsvarande norsk ve.

Sidaen i norsk reindriftsforvalting endre

Etter reindriftssamisk forståing inneber det å kalle noko for ein sida følgjande:

1. at det eksisterer ein reinflokk,
2. at nokon held reinflokken samla og at dei gjeter og vaktar reinen,
3. at ein eller fleire reindriftsfamiliar deltek med sine rein i fellesskapet.

Sidaen er ikkje berre eit arbeidsfellesskap, men òg det sentrale grunnlaget for tradisjonell bruk av reinbeiteområda.

I moderne norsk reindriftsforvalting har siidaen vorte avløyst av reinbeitedistrikt og driftseiningar. Eit offentleg utval har foreslått å gje sidaen ein sentral plass i den nye reindriftslova, slik at forvaltinga samsvarer betre med det som har vore tradisjonell samisk kultur. Landbruksdepartementet har vurdert å gjere siidaen til det operative og juridiske styringsnivået i reindriftslova.

I framlegget til ei ny norsk reindriftslov er ein sida definert som ein geografisk og sosial gruppe av reineigarar som utøver reindrift i fellesskap på eit bestemt areal. Ein sommarsida utøver reindrift i fellesskap hovudsakleg på sommar- og haustbeiteområda. Ein vintersida utøver reindrift i fellesskap hovudsakleg på vinter- og vårbeiteområda.

Sidan medlemmene av sidaen kan veksle, spesielt på vinterstid, har departementet gjort framlegg om ei tilpassing slik at ordninga med driftseiningar vert avløyst med sidaandelar. Ein sidaandel skal vere ei familiegruppe eller ein einskildperson som er del av ein sida, og som driv reindrift under leiing av ein person (eller av ektefellar eller sambuarar i fellesskap). Leiaren av siidaandelen skal bestemme kven som får eie rein i andelen og kor mange rein kvar får eige. Ein reineigar skal normalt berre kunne eige rein i ein sidaandel.

Kjelder endre

  • Koponen, Eino 2014: Siida. Encyclopedia of Saami culture.
  • Ot.prp. nr. 25 (2006-2007) Om lov om reindrift, bl.a. kapittel 7.2 og 8.7.