65°31′55.736″N 21°11′50.298″E / 65.53214889°N 21.19730500°E / 65.53214889; 21.19730500 Sikfors er ein svensk tettstad i Piteå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. I 2005 hadde tettstaden 211 innbyggjarar. Sikfors ligg ved Piteälven, som ofte vert rekna som ein av dei gjenverande «uutbygde» elvane i Sverige. Dette er derimot ikkje heilt riktig, sidan Sikfors har ei demning ved Sikforsen. Her er eit moderne kraftverk sprengt inn i berggrunnen. Sikforsen har ei fallhøgd på 14,7 meter.

I 1999 vann Sikfors den svenske konkurransen Årets by (på norsk: «årets bygd»). Den dominerende bedrifta i Sikfors er sagbruket Stenvalls Trä AB.

Roland Larsson, som var gissel hos FARC-geriljaen i Colombia frå 17. mai 2007 til 17. mars 2009, kjem frå Sikfors.

Sikfors heiter Siikakoskifinsk/meänkieli. Tidlegare var det jernbanestasjon her ved Piteåbanan, som passerer Piteälven på ei bru ved kraftverksdammen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre