Pite älv

(Omdirigert frå Piteälven)

Pite älv eller Piteälven (pitesamisk Bidumiedno, lulesamisk Bihtámädno) er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 410 km lang[1], med eit nedslagsfelt på 11 285 km²[2] og ei middelvassføring ved utløpet på 160 m³/s.

Pite älv
Piteälven, Piteå älv
elv
Trollforsen i september 2010
Land  Sverige
Nedslagsfelt 11 285,3 km²
Lengd 400 km
Vassføring
 - middel 160 /s
Kjelde Pieskehaure
Munning Bottenviken
 - koordinatar 65°21′52″N 21°19′22″E / 65.36444°N 21.32278°E / 65.36444; 21.32278
Kart
Pite älv
65°21′52″N 21°19′22″E / 65.364389°N 21.322722°E / 65.364389; 21.322722
Pite älv
Pite älv
Pite älv
Wikimedia Commons: Pite älv
Pite älv ved Benbryteforsen.
Foto: Curt Löfwenberg
Kombibru bil/tog på Inlandsbanan.

Elva har utspring frå innsjøen Pieskehaure ved grensa mot Noreg, like aust for Sulitjelma. Ho renn derfrå i søraustleg retning og passerer gjennom fleire store innsjøer, som Tjeggelvas og Vuolvojaure. Ho munnar ut i Bottenviken ved Pitsund, 10 kilometer sør for Piteå. Dei største sideelvane er Abmoälven, Varjisån, Vistån og Lillpiteälven.

Pite älv er ei av nasjonalelvane i Sverige, og er saman med Vindelälven, Torne älv og Kalixälven ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til kraftproduksjon. Den største fossen er Storforsen ved Vidsel, som òg er det største turistmålet i Norrbotten med ca. 180 000 vitjande per år. Andre kjende fossar er Trollforsarna, Benbryteforsen, Åkerselforsen, Trångforsen og Fällforsen. Ved Hundforsen kryssar Inlandsbanan elva på ein av dei få gjenverande kombibruene i Sverige som vert trafikkert av både bil og tog i same løp.

Referansar endre

  1. SMHI Vattendragsregistret (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2006, henta 21. juli 2006 
  2. Sveriges huvudavrinningsområden (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2018, henta 19. juni 2012 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pite älv