Silje Bolset
Silje Elin Bolset (fødd 5. mars 1975) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Stord som vann EM-sølv med Noregs landslag i 1996. I tida frå juli 1996 til mars 1997 deltok ho i 16 landskampar og skåra 17 mål.
Silje Bolset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1975 (49 år) |
Idrett | handball |
Bolset spelte frå ung alder på Stord Idrettslag sitt handballag, lengste tida på nivå to i seriesystemet. Ho var venstre rykkromspelar og storskårar for Stord fram til 1996. Dei neste tre sesongane gjorde ho teneste i Byåsen IL, eit av absolutte topplaga i norsk handball den tida. Sommaren 1996 fekk ho plass i den norske troppa til Sommar-OL 1996 i Atlanta i USA, der Noreg enda på fjerdeplass. I desember same året deltok ho i Handball-EM 1996 i Danmark, ein meisterskap som enda med at arrangørlandet vann over Noreg i finalen. Bolset fekk ikkje plass i dei 12 mann store finalemannskapa, korkje i bronsefinalen mot Ungarn i Atlanta eller i EM-finalen i Herning. Frå 1999 til 2003 hadde Bolset ein sentral posisjon i Sola HK sitt toppserielag. Plaga av skadar la ho opp 28 år gammal.
Merittar
endreBolset bur i Sandnes kommune.