Silsersee
(Omdirigert frå Sils-sjøen)
Sils-sjøen (tysk Silsersee, retoromansk Lej da Segl) er ein innsjø i den øvre Engadindalen i Graubünden i Sveits. Han har namn frå landsbyen Sils im Engadin. Innsjøen ligg 1797 meter over havet mellom Malojapasset og Silvaplanasjøen.
Sils-sjøen | |||
Silsersee Lej da Segl | |||
innsjø | |||
Sett frå Plaun da Lej mot Chastèhalvøya
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Inn i Aua da Fedoz | ||
Utløp | Inn (kalla Sela fram til Silvaplanasjøen) | ||
Opphaldstid | 2,2 år | ||
Høgd over havet | 1797 moh. | ||
Lengd | 5 km | ||
Areal | 4,1 km² | ||
Middeldjupn | 35 m | ||
Største djupn | 71 m | ||
Volum | 137 millionar m³ | ||
Koordinatar | 46°25′0″N 9°43′51″E / 46.41667°N 9.73083°E | ||
Øyar | Chaviolas (holme) | ||
Byar | Sils, Maloja | ||
Silsersee 46°25′00″N 9°44′00″E / 46.416666666667°N 9.7333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Sils |
Sils-sjøen har eit overflateareal på 4,1 km². Han er den største innsjøen i Engadin og den største naturlege innsjøen i Alpane som ligg over 1 000 meter over havet.[1] Innsjøen vart danna av eit førhistorisk jordras, på liknande vis som Silvaplanasjøen.[2]
Det går båttransport på sjøen frå slutten av juni til slutten av september og er ein av dei høgastliggande innsjøane i Europa med kollektivtrafikk.[3]
Dei største landsbyane ved Sils-sjøen er Sils im Engadin og Maloja (del av Bregaglia).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Sils» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Johannes Eue, Wandern im Engadin, s. 29
- ↑ Stephen G. Evens, Natural and Artificial Rockslide Dams, p. 103
- ↑ Sils im Engadin Arkivert 2011-08-30 ved Wayback Machine., Hiking in Switzerland, wanderland.ch