Silvio Piola

italiensk fotballspelar

Silvio Piola (29. september 19134. oktober 1996) var ein italiensk fotballspelar frå Robbio i Pavia-provinsen. Midtspissen Piola vart verdsmeister med Italia i 1938 og er den spelaren med flest mål i Serie A i Italia, i tida 1930-54 skåra han 274 gongar.

Silvio Piola
Fødd 29. september 1913
Fødestad Robbio
Død 4. oktober 1996
Dødsstad Gattinara

Klubbspel endre

Piola spelte fram til 1934 på US Pro Vercelli. Perioden 1934-43 utmerkte han seg i eit Lazio-mannskap og var toppskårar i serien både i 1937 og 1943, men større suksess enn ein andreplass i Serie A i 1935 oppnådde ikkje Roma-laget. Etter den allierte invasjonen i Sør-Italia i 1943 vart ikkje Serie A arrangert dei neste to sesongane. Frå 1945 til -47 var Piola Juventus-spelar, begge desse sesongane enda laget frå Torino på andreplass i serien. Sesongen 1947/48 var han med å spele Novara Calcio opp i Serie A og var fram til 1954 aktiv i den italienske toppserien med laget frå Nord-Italia.

Landslagsspel endre

Piola fekk sin landslagsdebut våren 1935. Under Fotball-VM 1938 skåra han i alt fem mål då Italia forsvarte VM-tittelen frå 1934. To av måla skåra han i finalen mot Ungarn, ein kamp som enda 4-2. Fram til 1940 spelte han 29 landskampar og skåra 27 mål. Sidan fekk han berre enkeltkampar i landslagsdrakta, den siste så seint som i 1952. Han stoppa på 34 kampar og 30 mål for landslaget.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1938 for Italia
  • Andreplass i Serie A: 1935 med Lazio, 1946 og 1947 med Juventus

Piola døydde i Gattinara i Vercelli.

Kjelder endre