Sima kraftverk

vannkraftverk i Eidfjord kommune, Vestland fylke, Noreg

Sima kraftverk er eit vasskraftverk i Simadalen i Eidfjord kommune i Vestland. Kraftverket har to delar, Lang-Sima og Sy-Sima.

Sima kraftverk

Kraftverket har eit omfattande nett av tunnellar og dammar og dei største magasina er Langvatn, Rundavatn, Rembesdalsvatn og Sysenvatnet. Alle desse dammane er steinfyllingsdammar.

Sy-Sima har to turbinar på 620 MW med årsproduksjon på 1640 GWh. Lang-Sima har to turbinar på 500 MW med årsproduksjon på 1088 GWh. Kraftverket er det nest største i Noreg målt i installert effekt.

Produksjonen starta i 1980.

Kraftverket regulerer og tørrlegg dels fossane Vøringsfossen, Skytjedalsfossen og Rembesdalsfossen.

Eigarar er Statkraft 65 %, BKK 26,25 % og Sunnhordland Kraftlag 8,75 %.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre