Vøringsfossen

Ein foss i Hardanger, Noreg

Vøringsfossen er den 83. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg øvst i Måbødalen i Eidfjord kommune i Vestland og har eit samla fall på 182 meter og eit største fall på 163 meter. Fossen er kanskje den mest kjende i landet og ein stor turistattraksjon på vegen ned frå Hardangervidda til Hardangerfjorden. Fossen er ein populær turistattraksjon, og var mellom anna den mest vitja naturattraksjonen i Noregi 2018.[1]

Vøringsfossen
foss
Voringfoss 2004 1.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Eidfjord
Del av Bjoreio
Fossetype Kaskade, stupfoss
Elv Bjoreio
Totalt fall 182 m
 - Lengste fall 163 m
 - Midla breidd 23 m
Tal på fall 1
Status Regulert

Vøringsfossen
60°25′37″ N 7°15′4″ E
Wikimedia Commons: Vøringsfossen

Vassmengda i elva er regulert i samband med kraftutbygging, men det er krav til minstevassføring på 12 m³/s i sommarsesongen.

HistorikkEndra

Den fyrste som med begeistring skildra Vøringsfossen, og dermed har blitt ståande som Vøringsfossen sin "oppdagar", var den norske astronomen Christopher Hansteen (1784 1873), som reiste over Hardangervidda sommaren 1821 for å gjera astronomiske observasjonar.

Etter å ha overnatta på Maurseth gjekk turen vidare mot Eidfjord. Hestekaren austfrå som hadde vore med han over fjellet ville ikkje lenger, men to spreke karar frå Maurseth baud seg til å vera med og bera utstyret hans ned til sjøen. Undervegs stoppa Hansteen fleire gonger for å sjå på fossefall, men dei to karane meinte at dette var ingenting. Om han ville bli med dei, så skulle dei vise han ein skikkeleg foss. Minst ½ fjerding (1400 meter) høg. Det meinte Hansteen var umogeleg, og ville sjå med eigne augo.

Men karane var nok til å lita på, sjølv om høgda på fossen var sterkt overdriven. Det var likevel det mest fantastiske fossefallet Hansteen hadde sett. Han målte fallhøgda til 933 fot (280 meter) ved å kasta stein utfor kanten og ta tida med lommeuret sitt. Det mest fantastiske, og det som har fascinert tilreisande i alle år seinare, er den plutselege overgangen mellom det flate fjellplatået og dei stupbratte fjellsidene i Måbødalen.

Vel heime att skreiv Hansteen ei meisterleg skildring i bladet "Budstikken", og Vøringsfossen vart straks eit av reisemåla for dei fleste turistane som fann vegen til Hardanger.

 
Vøringsfossen og Måbødalen
Foto: Kenny Louie
 
Illustrasjon frå verket Norge fremstillet i billeder frå 1848.

Sjå ògEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vøringsfossen