Sind (eng. Sindh) er ein av dei fire provinsane i Pakistan og ligg søraust i landet. Han grensar til India i aust, Balutsjistan i vest og Panjab i nord, og har kyst til Arabiahavet i sør. Indus renn gjennom provinsen og skapar Indusdalen og -deltaet. Ved den indiske grensa i aust ligg Tharørkenen.

Sind
سندھ
provins
Flagg
Symbol
Land  Pakistan
Del av Pakistan
Hovudstad Karachi
Areal 140 914 km²
Folketal 55 245 497
Grunnlagd 1. juli 1970
Språk Sindhi, urdu, engelsk
Kart
Sind
24°52′N 67°03′E / 24.87°N 67.05°E / 24.87; 67.05
Wikimedia Commons: Sindh

Regionen har særleg vore folkesett av sindhiar, men sidan opprettinga av Pakistan har mange hovudsakleg urdutalande indiske muslimar slått seg ned her. Også folk frå andre delar av Pakistan har busett seg i provinsen.

Regionen inneheld særs gamle og viktige spor etter menneske, som Kot Diji, ein forløpar for Induskulturen, og Mohenjo-Daro, ein av dei største byane innan kulturen.

Provinsen har 23 distrikt.

Byar endre




Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sind