Språket sindi
Sindi er eit indo-arisk språk som blir tala av sindhiar, hovudsakleg frå Sind i Pakistan, og eit mindretal i India.
Sindi سنڌي , सिन्धी ,sindhī | ||
Klassifisering | indoeuropeisk indo-iransk indo-arisk nordvestre sone | |
Bruk | ||
Tala i | Pakistan og India | |
Sinditalande i alt | 54,3 millionar | |
Skriftsystem | persisk, devanagari | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sd | |
ISO 639-2 | snd | |
ISO 639-3 | snd |
I Pakistan er sindi det tredje mest utbreidde språket (etter panjabi og pasjto) med 41 millionar talarar. 12 millionar indarar snakkar sindi. Det er offisielt språk i Sind-provinsen, og eitt av 22 offisielt «nemnde» språk i India. Standardtalemålet av sindi heiter vitsjoli.
I India finn ein flest sinditalande i Rann av Kutch og på Kathiawar-halvøya. Sindi liknar mykje på katsji, som blir tala like sør for dette området i Gujarat, og er nært i slekt med dei vestpanjabiske lahndaspråka snakka nord i Sind og sør i Panjab.
Språket stammer frå vratsjada, eit apabhramsaspråk. Gjennom fleire hundreår med muslimsk påverknad har språket teke opp i seg mange persiske og arabiske lånord.
Sindi kan skrivast med tillempa utgåver både av devanagari og det persiske alfabetet. Ein tok først til å trykka sindilitteratur på 1920-talet.
Sufiar som Sachal Sarmast, Shah Abdul Latif Bhittai og ikkje minst Lal Shahbaz Qalander er kjende sindidiktarar.
Kjelder
endre- «Sindhi language», Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 18 Feb. 2009
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sindhi language» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2009.