Siril Helljesen
Siril Helljesen (fødd 14. oktober 1978) er ein norsk dressurryttar. Ho tevlar for Follo Hestesportklubb og er busett på Vinterbro i Ås kommune.
Siril Helljesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. oktober 1978 (46 år) Oslo |
Idrett | Hestesport |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Siril Helljesen har gått på rideskule og ridd for instruktør frå ho var i 12-årsalderen. Ho har gode resultat frå diverse dressurritt-tevlingar, og deltok for fyrste gong under sommar-OL 2012 i London saman med hesten «Dorina».[1] Etter å ha fått underkjent ei øving då hesten vart skremt og fatta feil galopp, fekk ekvipasjen 69,985 på dressurprogrammet i kvalifiseringsrunden. Ekvipasjen var best av dei som vart slått ut, og berre 0,410 skilde dei frå å gå vidare i tevlinga.[2] Dette var fyrste gong sidan 1956 at ein dressurryttar deltok for Noreg i olympiske leikar. [3]
Kjelder
endre- ↑ Østlandets Blad, 30.05.12: Siril Helljesen klar for OL i London
- ↑ Akkurat ikke videre, NRK nyheter 03.08.2012, kl. 16.38
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 15. august 2012, henta 12. august 2012
Bakgrunnstoff
endre- Profil hjå Norges Rytterforbund Arkivert 2012-07-18 ved Wayback Machine.