Tikken

(Omdirigert frå Sisten)

Tikken eller sisten er ein barneleik der ein eller fleire spelarar jagar andre og prøver å «tikka» eller ta på dei, ofte medan dei seier eit visst ord. Leiken finst i ei rekkje ulike utformingar over heile verda, og har minst eksistert sidan 100-talet. Tikken kan blandast med andre spel som ballspel, gøymsle eller ringleik til mange nye leikar.

Tikkespel i ein nederlandsk illustrasjon frå 1860-talet.

Skildring endre

I mange utgåver av spelet «har» ein fangar tikken og prøver overføra han til ein annan, som så «har han». Dette skjer gjerne ved at fangaren rører ved den han tikkar og seier noko slikt som «tikken», «har'n» eller liknande. På engelsk kan ein tilsvarande seia «you're it» når ein tikkar. I nokre variantar kan fangaren prøva å tikka nokon ved å treffa dei med ein ball han kastar.

Variantar endre

 
Tikkespelet nap lungdy i Kambodsja.
 
I tikkespelet «catch the fish» prøver tre fangarar å tikka dei som prøver å få tak i «fisken».

Medan ein i mange utgåver av spelet berre overfører rolla som fangar når ein tikkar, kan ein i andre også reknast som å overføra sjukdom (pest i Italia, spedalsksjuke på Madagaskar, «lurgy fever» i Storbritannia, å gjera dei til zombiar i USA), skade (som når fangaren må halda seg på kroppsdelen han blei tikka på i «doktor-tikken»), skadedyr (lopper i Spania) eller dyreroller (fangaren må hoppa som ein frosk eller imitera ei geit, ein okse eller liknande).

Ein fangar kan ofte fri seg frå rolla gjennom å tikka i mange spel, og er gjerne immun mot å bli tikka att like etter at han sjølv har tikka. I andre speltypar skapar han i andre eit lag av fangarar som alle prøver å tikka dei andre. Nokre gonger kan dei halda hender og danna ei fangrekkje.

Dei som ikkje «har han» kan også hjelpa kvarandre, til dømes ved å halda hender frå ein fristad, røra ved ein som er tikka, hoppa over han (medan han sit på huk) eller krypa gjennom beina på han (ein variant ofte kjend som «stiv heks»).

I nokre variantar kan spelarane delast i lag der det eine prøver å fanga det andre. Ein slik variant er skildra av Julius Pollux frå 100-talet. I leiken han skildra, ostrakinda, står begge laga ved ei linje. Eit skjel kasta opp i lufta bestemmer kven som jagar kven ut frå kva side det landar på. I det sørasiatiske lagspelet kho-kho byter spelarane frå fangelaget på å jaga dei frå det andre laget på ein bane.

Ofte har ein særskilde område som er fristader eller fangestader. Desse kan markearast av ting som tre, stein eller klede, linjer eller sirklar. I nokre leiketypar må dei som skal tikkast springa frå ein fristad til ein annan medan ein eller fleire fangarar prøver få tak i dei, til dømes i hauk og due. I indiske kabaddi, spring ein fangar inn på banen til laget som skal fangast og prøver tikka så mange som mogleg utan sjølv å bli fanga.

Fleire leikar finst der fangaren er ufarleg til noko skjer, som at fangaren snur seg og ser på dei andre, eller at han roper noko. Til dømes kan fangaren fanga når han roper at lyset er rødt i leiken «rødt lys» eller at det er «dinnertime» i «What’s the time, Mr. Wolf/Bear/Fox».

Andre spelvariantar kan vera å halda tikken i mørkret, kjend som «mørkesisten» eller «morderen i mørket». I blindemann har fangaren bind for auga medan dei andre spelarane kan sjå.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • «tag» (9-30-2013), Encyclopædia Britannica

Bakgrunnsstoff endre