Lopper


Loppe
Loppe

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Vitskapleg namn
Siphonaptera

Lopper (Siphonaptera) er ein orden av vengelause insekt som lever som utvendige parasittar ved å suga blod av pattedyr og fuglar. Munndelane deira er utvikla for å stikka gjennom hud og skinn og suga ut blod.

Det finst rundt 2 500 ulike loppeartar, og dei lever i alle verdsdelar. Rundt 55 finst i Noreg.

Elektronmikroskopisk bilete av ei loppe.

SkildringEndra

Lopper har ein flattrykt kropp sett frå sidene og er 1–8 mm lange. Hovud, kropp og bein har torner og hår som peiker bakover. Dei har følarar i groper på sidene av hovudet. Mange artar har punktauge medan andre er augelause. Føtene er kraftige og kan brukast til å hoppa.

Liv og utviklingEndra

Lopper legg mellom nokre hundre og fleire tusen egg. Egga blir klekte etter 2–18 dagar. Larven har bitande munndeler og langstrekt kropp med eit par skyvevorter på undersida av siste bakkroppsledd. I løpet av 13–15 dagar går larven gjennom tre hudskifte og oppnår ei lengd på 4–5 mm. Lopper har fullstendig forvandling og må gjennom eit puppestadium før dei blir vaksne og kjønnsmodne (imago).

Paringa finn stad etter at dei har kome ut av puppeskalet, og hannen døyr kort tid etter. Hoa treng blod for å laga egg, men begge kjønna syg blod.

LevesettEndra

 
Larve av loppe.

Loppelarvar lever i reir, bol eller bustaden til vertsdyra sine. Dei et tørre organiske rester og blodhaldige ekskrement frå vaksne lopper. Lopper spesialiserer seg på bestemte bustader, men mange kan veksla mellom vertsdyr. Rovdyr kan til dømes ha lopper som stammar frå byttet deira.

Lopper som vektorarEndra

Lopper kan overføra ormar som bendelorm og rundorm. Svartedauden blei overført frå gnagarar til menneske av ei loppe (Xenopsylla cheopis).

Systematisk inndelingEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra