Sivert Langholm
Sivert Langholm (fødd 19. mai 1927 i Haugesund) er ein norsk professor i historie.
Sivert Langholm | |
Fødd | 19. mai 1927 Haugesund kommune |
---|---|
Død | 16. april 2022 Hønefoss |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | historikar, professor |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Langholm vart universitetslektor i 1961, og professor ved Universitetet i Oslo frå 1976. Sivert Langholm er ein av dei viktigaste sosialhistorikarane frå etterkrigstida. I 1970 uttalte han at forskningprogrammet hans var å «frigjøre sosialhistorien fra den politiske historiens dominans». Metoden hans gjekk ut på å analysera individdata for å dra slutninger om sosiale grupper i fortida. Teknikken med kvantitativ analyse av individdata kalla Langholm mikrohistorie. Langholm var ein pioner i å nytta datateknikk på analyse av historiske kjelder.
Han var prosjektleiar for prosjektet Norsk samfunnsutvikling 1860-1900, som tok for seg to område, Ullensaker og Christiania. Desse to områda vart analyserte gjennom 4 bøker og 30 hovudoppgåver, og var valde ut fordi dei områda vart sette på som representative for samfunnsendringar på nasjonalt plan i denne perioden. Prosjektet rekrutterte fleire forskingstalent som seinare har vore viktige i sosialhistorisk forsking, m.a. Jan Eivind Myhre og Tore Pryser. Langholm var òg av dei første til å analysera valdata med datateknikk.
I 1996 tok han initiativ til Forum for Universitetshistorie, eit arbeid som skulle munna ut i 200-årsjubileumsverk om Universitetet i Oslo i 2011.
Han var på 1950-talet medarbeidar i Norsk Allkunnebok.
BibliografiEndra
- 1966 Stillingsretten i norsk vernepliktsdebatt og vernepliktslovgivning 1848-1876
- 1967 Historisk rekonstruksjon og begrunnelse (siste utgåve 1997) Metodebok i historiefaget.
- 1984 Elitenes valg. Sosial avstand og politisk oppslutning blant Christianiavelgerne i 1868
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Sivert Langholm» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2019.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
BakgrunnsstoffEndra
- List opp publikasjoner av Sivert Langholm i biblioteksdatabasen BIBSYS[daud lenkje]