Sivsongar

art av sporvefuglar
Sivsongar
Sivsongar
Sivsongar
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Kjerrsongarar Acrocephalus
Art: Sivsongar A. schoenobaenus
Vitskapleg namn
Acrocephalus schoenobaenus

Sivsongar (Acrocephalus schoenobaenus) er ein sporvefugl som høyrer til kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, og som tidlegare vart plassert i songarfamilien. I daglegtalen vert sivsongaren framleis rekna som songar sjølv om vitskapen har vist at sivsongar og gruppa Sylvia-songarar ikkje har ei sams biologisk avstamming.

Utsjånad og lydEndra

Læte

Sivsongaren er ein middelsstor songar, 11,5 til 13 cm lang. Vengebreidda er frå 17 til 21 cm og vekta om lag 10-15 gram. Den vaksne fuglen har ein kraftig streka brungrå rygg og lys gulaktig underside. Panna er jamn med eit framtredande kvitaktig augebryn, og issen er brunsvart. Strupa er kvitaktig og nebben er kraftig og spiss. Kjønna er like, slik som hos dei fleste andre songarar. Ungfuglane er flekkete på brystet. Songen er svært omvekslande og består av eit raskt, snerrande jirra-jirra-jirra avbrote av typiske kvislelydar og hermelåt.

UtbreiingEndra

Fuglen hekkar i nesten heile Europa og i det vestlege og sentrale Asia.

Biotop, leveområde i Noreg og trekkvanarEndra

Sivsongaren er vanlegast i Nord-Noreg, der han gjerne held til i våtmarker og vierkratt. I Sør-Noreg er han mest knytt til kysten der han vel seg stader med mykje busker, samt takrørsjøane rundt Oslofjorden. Fuglen er ein nykomling i Sør-Noreg, då det fanst lite av han før enn i det 20. hundreåret. Den norske hekkebestanden er rekna å ligge mellom 10 000 og 100 000 par. Sivsongaren er trekkfugl og overvintrar i det tropiske og sørlege Afrika. Dei norske fuglane overvintrar helst vest i dette området. Fuglane dreg sørover i august, nokre allereie i slutten av juli, og nokre utover i september. For å klare den lange flygeturen samlar fuglen feittreservar.

HekkingEndra

Sivsongaren vert kjønnsmoden etter eit år. Hoa legg 3-6 egg i eit reir nær marka i tett vegetasjon, i blant i ei buske. Foreldra, som oftast hoa, ruger i 12-14 dagar. Ungane vert flygeferdige etter 10-12 dagar. Sivsongaren kan bli opp til sju år gammal.

FødeEndra

Som dei fleste andre songarar et sivsongaren insekter, men kan også ete anna smått som edderkoppar, sniglar og bær.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sivsongar