Fugleslekta Sylvia
Sylvia er ei biologisk slekt av sju små insektetande fuglar, nokre gonger kalla verklege eller typiske songarar. Slekta høyrer til familien Sylviidae. To av artane i Sylvia finst i tempererte til subtropiske regionar i vestlege Eurasia og overvintrar i Afrika, dei fem andre har utbreiing i små territorium i Afrika. Sylvia kjem av det latinske ordet silva som tyder «skog».[1]
Sylvia | |
Munk, Sylvia atricapilla Foto: Jakub Stanco
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae |
Slekt: | Sylvia Scopoli, 1769 |
Skildring
endreSylvia-songarar er aktive songarar vanlegvis forbunde med open skog, kratt, hekkar eller buskar. Dietten deira er stort sett insekt, sjølv om fleire artar òg et små bær, spesielt frå seinsommaren til ettervinteren; arten munk tar òg ofte eit breitt utval av mat frå fuglebrett om vinteren.
Dei typiske songarane er no kjente for å danne ei stor slektslinje i ein klade som også inneheld buttnebbfamilien og nokon taksa som tidlegare vart sett på som timalar.[2][3] Dei andre «songarane» har vorte flytta til eigne, «nye» familiar, og avgrensar Sylviidae heilt.
Ein molekylær fylogenetisk studie som brukte mitokondrie DNA-sekvensdata publisert i 2011, fann at artane den gangen i slekta Sylvia danna to forskjellige kladar.[4] Basert på desse resultata valde ornitologane Edward Dickinson og Leslie Christidis å dele slekta og flytta det meste av artane til ei gjenoppliva slekt Curruca med munk og hagesongar gjenverande i Sylvia. Publisert i den fjerde utgåva av Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World. I ei ytterlegare forandring flytta dei gråhovudtimalsongar og kvistdansar inn i Sylvia.
- Artslista
Sylvia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
- Munk, Sylvia atricapilla, Eurasian Blackcap, (Linnaeus, 1758), (LC)
- Hekkefugl i Palearktis vest for Uralfjella, òg på øyar i Aust-Atlanteren: Madeira, Azorane og Kapp Verdeøyane. Nokre fuglar lengst vest på Vestlandet og i vestlegaste Europa er standfuglar, øvrige trekker til område rundt Middelhavet og til Afrika sør for Sahara.[7]
- Hagesongar, Sylvia borin, Garden Warbler, (Boddaert, 1783), (LC)
- Kvistdansar, Sylvia dohrni, Dohrn's Warbler, (Hartlaub, 1866), (LC)
- Har avvikande utsjånad med gråoliven overside og gulkvit underside med eit mørkt brystband. Utbreiingsområdet er særs lite på øya Príncipe i Guineabukta.[9]
- Etiopiasongar, Sylvia galinieri, Abyssinian Catbird, (Guérin-Méneville, 1843), (LC)
- Raudnebb, Sylvia nigricapillus, Bush Blackcap, (Vieillot, 1818), (VU)
- Kjenneteikn er kraftig oransjerosa nebb og oransje føter, oliven overside, svart krone og nakke. Lever i søraustlege Sør-Afrika.[11]
- Gråhovudtimalsongar, Sylvia abyssinica, African Hill Babbler, (Rüppell, 1840), (LC)
- Har grått hovud og underside, brunleg overside. Lever i mange små fragmenterte område i Aust-Afrika, andre i Angola og ein underart på øya Bioko i Guineabukta.[12]
- Svarthovudtimalsongar, Sylvia atriceps, Rwenzori Hill Babbler, (Sharpe, 1902), (LC)
Kjelder
endre- Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I.J. Lovette (2020). Sylviid Warblers, Parrotbills, og Allies (Sylviidae), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sylvii1.01 Inngang til artsartiklar
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 376. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Alström, P.; Ericson, P. G. P.; Olsson, U.; Sundberg, P. (2006). «Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea». Molecular Phylogenetics and Evolution 38 (2): 381–397. PMID 16054402. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015.
- ↑ Cibois, Alice (2003). «Mitochondrial DNA phylogeny of babblers (Timaliidae)». The Auk 120 (1): 35–54. JSTOR 4090138.
- ↑ Voelker, Gary; Light, Jessica E. (2011). «Palaeoclimatic events, dispersal and migratory losses along the Afro-European axis as drivers of biogeographic distribution in Sylvia warblers». BMC Evolutionary Biology 11 (163). PMC 3123607. PMID 21672229. doi:10.1186/1471-2148-11-163.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ Eurasian Blackcap (Sylvia atricapilla) i Birds of the World https://doi.org/10.2173/bow.blackc1.01
- ↑ Garden Warbler (Sylvia borin) i Birds of the World https://doi.org/10.2173/bow.garwar1.01
- ↑ Dohrn's Thrush-Babbler (Sylvia dohrni) i Birds of the World https://doi.org/10.2173/bow.dohthb1.01
- ↑ BirdLife International (2021) Species factsheet: Parophasma galinieri. Henta 25. mai 2021
- ↑ Bush Blackcap (Sylvia nigricapillus) i Birds of the World https://doi.org/10.2173/bow.busbla1.01
- ↑ African Hill Babbler (Sylvia abyssinica) i Birds of the World https://doi.org/10.2173/bow.afhbab1.01
- ↑ Rwenzori Hill Babbler (Sylvia atriceps) i Birds of the World https://doi.org/10.2173/bow.afhbab3.01
Bakgrunnsstoff
endre