Sjøheimevernet, SHV er den maritime delen av Heimevernet. Organisasjonen har avdelingar langs heile kysten av Noreg. SHV er organisert med fire kommandoar, Nord-Noreg (Tromsø), Midt-Noreg (Trondheim), Vest-Noreg (Bergen) og Sør-Noreg (Stavern), og i tillegg Sjøheimevernets utdannings- og kompetansesenter (SHV UKS) i Bergen. Avdelingane er sett opp med kystmeldepostar, hurtigbåtar og andre fartøy.

Sjøheimevernet sitt oppdrag er å gjennomføre sjømilitær kontrollteneste og suverenitetshevding i norsk sjøområde i fred, mobilisering og krig. Ved mobilisering disponerer SHV ca. 235 fartøy, 77 hurtigbåtar og 77 kystmeldepostar. Dei fleste av SHV-fartøya er i dagleg drift på fiske og fangst. Nokre få av fartøya blir drivne av SHV-støtteforeiningar på idealistisk grunnlag. Hurtigbåtar høyrer til svert ofte privatpersonar, men blir i fred leigd av SHV ved behov.

Sjøheimevernet er under omorganisering og utvikling. Det vert satsa mykje på to hurtigbåtklassar som er eigde og drivne av SHV: Hårek-klassen og Gyda-klassen. Desse er mellom anna plattform for dei nyforma bordingslaga. Det vert lagt ned mykje resursar i å utdanne og trene båtmannskap og bordingslag. Sjøheimevernet har ei eiga utdanningsavdeling som er lagt under Heimevernsskulen Dombås, men som ligg på KNM Tordenskjold i Bergen. SHV har òg eit eige utskrive befalskurs på Befalsskulen for Sjøforsvaret i Horten. Sjøheimevernet samarbeider mykje med Sjøforsvaret for å utnytte dei kapasitetane som finst der.

Bakgrunnsstoff

endre