Sjaktvogn er ei anleggsmaskin som vert nytta til å flytta masse. Når maskina flyttar seg framover vert grunnen løyst opp av eit skjer og går opp i ein stålkasse. Skjeret er festa på denne kassen og heile kassen vert senka ned når han skal fyllast[1]. Denne typen maskiner høver best når ein skal flytta overflatejord over korte avstandar. Dei er meir utbreidde i Nord-Amerika enn i Europa. Dei fyrste sjaktvognene vart laga av Robert Gilmour LeTourneau.[2]

Terex TS-14b sjaktvogn, med to motorar, i arbeid

Maskinene er rammestyrte, med motor og førarhus på framdelen og lastekassen på den bakre delen. Maskinene har drift på alle hjula og mange maskinar har ein separat motor på den bakre delen. Når bakken er hardpakka kan trekkrafta likevel verta for lita og ein nyttar av og til ein bulldosar for å skuva på attafrå. Det finst òg små sjaktvogner som vert dregne etter ein bulldosar, eller ein kraftig jordbrukstraktor.

Det finst ulike variantar av denne maskintypen. Ein av desse har ein skråstilt elevator i framkant av lastekassen, som fører massen opp og inn over lastekassen[1]. Denne typen er meir komplisert, men treng ikkje skuvehjelp frå ein bulldosar. Ein annan variant har vertikale arkimedesskruvar i framkant av lastekassen, som fører massen oppover[1].

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.
  2. LeTourneau , R.G., Mover of men and mountains, Moody Press, 1995.