Sjokoladen SOHO
SOHO var eit sjokoladeprodukt som blei lansert av Nidar i 1998.[1] Sjokoladen er ein youghurtsjokolade, samansett av sjokolade, stivpiska yoghurt og crisp. SOHO tok to år å utvikle, men etter berre tre år på marknaden vart SOHO trekt tilbake i 2001 grunna med dårlege salstal.
Namnet viser til Soho i London, for å understreke det urbane og ungdommelege inntrykket.
Design
endreSOHO vann i 1998 Merket for God Design under kategorien Industridesign. Suzanne Schürch stod bak produktdesign, mens Christensen/Lund stod for utforminga av emballasjen.[2]
Folkekrav om oppståing
endreSjølv om sjokoladen vart trekt tilbake grunna dårlege salstal, kom det i ettertid eit folkekrav for å få SOHO tilbake til marknaden. I november 2011 hadde 31 793 Facebook-brukarar samla seg i ei Facebook-gruppe for å få SOHO tilbake.
SOHOs retur til marknaden
endre20. november 2011 annonserte Nidar at sohosjokoladen ville koma i sal som ein del av 100-årsposen laga til markeringa av Nidar sitt jubileum i 2012. Posen ville også innehalda andre eldre nidarprodukt. Nidar meldte at dei hadde endra oppskrifta slik at sohosjokoladen ikkje lenger ville vera avhengig av å oppbevarast kjølig.
Kjelder
endre- ↑ «Soho - Sjokoladen som forsvant». Nidar. Henta 6. februar 2011.[daud lenkje]
- ↑ «SOHO sjokolade». Norsk Designråd. Arkivert frå originalen 27. februar 2014. Henta 29. januar 2012.
- Nidars side om SOHO[daud lenkje]
- Norsk Designråd om SOHO Arkivert 2006-05-14 ved Wayback Machine.
- Nå kommer Soho Tilbake, avisartikkel Arkivert 2011-11-23 ved Wayback Machine.