Sjuprikka marihøne
billeart
Sjuprikka marihøne (Coccinella septempunctata) er den mest vanlege marihønearten i Europa. Ho er lett å kjenne att på dei sterkt raude dekkvengjene sine med dei totalt sju prikkane - tre på kvar side og ei på midten framme.
Sjuprikka marihøne | |
Sjuprikka marihøne | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Marihøne Coccinellidae |
Slekt: | Coccinella |
Art: | Sjuprikka marihøne C. septempunctata |
Vitskapleg namn | |
Coccinella septempunctata |
Ein finn sjuprikka marihøner i mange ulike miljø, men er vanlegast i låg urtevegetasjon. Som regel klarar ho seg fint så lenge det finst bladlus, som både dei vaksne og larvane er aggressive predatorar på. Av denne grunnen har dei vorte innførd fleire stadar som biologisk skadedyrkontroll.
Sjuprikka marihøne overvintrar som imago på bakken, ofte samla ved stubbar i høg vegetasjon.
Kjelder
endre- UK Ladybird Survey Arkivert 2008-03-13 ved Wayback Machine.
- Ragnhild Sundby: Insekter og deres mangfoldige verden Landbruksforlaget 1995 ISBN 82-529-1710-0
Bakgrunnsstoff
endre
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Coccinella septempunctata