Sjur T. Næss

norsk politikar

Sjur Torleifsson Næss (21. september 185215. januar 1938) var ein handelsmann og gardbrukar frå Nes i Luster.

Sjur T. Næss

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1852
Død

15. januar 1938 (85 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Sjur T. Næss på Commons

Far hans var gardbrukar var gardbrukar på Nes. Sjølv tok eksamen til underoffiser i Bergen i 1873, og var underoffiser fram til 1883. Åra 1877 til -93 var han handelsmann på Dalsøyra i Luster. Han overtok farsgarden i 1893 og dreiv han sidan. Næss var medlem av heradsstyret i Luster 1882-1925, ordførar 1898-1901, 1904-10. Han var formann i skulestyret i fem år og forlikskommissær 1897-1915. Perioden 1904-12 representerte han Luster i fylkesskulestyret.

Næss representerte 1900-03 Nordre Bergenhus amtStortinget og 1906-21 var han representant for einmannskrinsen Indre Sogn. I alle periodane representerte han Venstre. Han var medlem 1900-03 av militærkomiteen og 1906-09 konstitusjonskomiteen. Tida 1910-21 var han medlem av landbrukskomiteen, sekretær 1913-15 og nestformann 1916-21. Elles var han medlem av Lagtinget frå 1906 og av valkomiteen 1913-21.

Kjelder endre