Skåpbil
(Omdirigert frå Skapbil)
Skapbil eller skåpbil er ein lastebil med fast overbygg, kalla skåp. Skapbilar vert nytta for last som treng å verta verna mot ver og vind, som til dømes møblar, kvitvarer, brunvarer, matvarer, post og liknande.
Dei fleste skåpbilar vert lasta og lossa attanfrå, ofte med gaffeltruck eller jekktralle, men mindre distribusjonsbilar er ofte utstyrte med hydraulisk bakløft. Nokre skåpbilar har foldedører i sidene, slik at lang last kan lastast med gaffeltruck.
Det finst òg mange spesialutførelsar, som til dømes frysebilar og flyttebilar.
Galleri
endre-
Ein kasakhisk skåpbil med sidedør.
-
Distribusjon av daglegvarer i Hongkong.
-
Ein japansk skåpbil.
-
Møbeltransport med skåpbil og skåphengar i Tyskland.